850 elevar testar studenttilværet

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

I løpet av tre dagar skal elevar frå vidaregåande skular og folkehøgskular få kjenne på og vite meir om korleis det er å bu, studere og leve i Volda.

Tysdag opna Utdanningsdagane ved Høgskulen i Volda (HVO) med 380 elevar til stades. Utdanningsdagane held fram onsdag og torsdag og totalt vil 850 elevar få betre kjennskap til utdanningsmoglegheitene ved HVO og Høgskolen i Molde og NTNU Ålesund.

Teori og praksis

Elevane går siste året på vidaregåande skule eller folkehøgskule på Søre Sunnmøre, Nordfjord og Ålesund og kjem til Volda for å få informasjon om høgare utdanning før dei sjølve skal søke. For å gjere det mest mogleg relevant har kvar elev på førehand fått velje tre av dei 15 utdanningsretningane ved HVO og generell informasjon om utdanningsinstitusjonane i Molde og Ålesund.

Gjennom bruk av faglærarar og studentar ved høgskulen blir elevane tatt med inn i noko som skal likne på ei ordinær forelesing og få prøve å vere student. Både med forelesing og meir praktiske oppgåver.

– Dei skal få oppleve å vere studentar. Gjennom ein dag her på høgskulen håper eg at elevane har fått kunnskap og informasjon om framtidige utdanningar og yrker som kan vere av interesse, slik at dei kan ta kvalifiserte val når dei skal søke høgare utdanning, seier prosjektleiar for Utdanningsdagane, Torill Engeseth.

Grunnskulelærarutdanninga, helse- og sosialfag og idrett og friluftsliv er populære utdanningar blant elevane som deltek på Utdanningsdagane i år.

Utdanningsdagane Idrett og friluftsliv

Jobb viktigast

Anders Martin Hagen Kvalvåg og Sebastian Grøttå frå Eid vidaregåande skule har kanskje ein lærarspire i seg – dei var i alle fall interesserte å finne ut meir om utdanninga.

– Lærar er absolutt eit aktuelt yrke. Det verkar interessant å arbeide med barn og unge, synest Kvalvåg.

– Ja, det verkar meiningsfult å skulle lære seg å lære vekk noko. Det er også eit yrke med varierte arbeidsdagar, og så er det sjølvsagt eit pluss at lærarar har ein del ferie, smilar Grøttå.

– Kva er viktig når dykk skal velje høgare utdanning?

– Jobbmoglegheiter, at ein er ganske sikker på å få seg jobb etter at ein er ferdig med å studere. Det må vere bittert å utdanne seg til noko som ein ikkje får arbeide med etterpå, meiner duoen.

Sebastian Grøttå (t.v.)Anders Martin Hagen Kvalvåg

Gode utsikter

Nettopp det var Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, dekan ved Avdeling for mediefag ved HVO, innom i si opningshelsing til elevane tysdag.

– Høgskulen i Volda har som motto at vi gir deg «kunnskap for framtida». Det veit vi at vi kan gi, for undersøkingar vi har gjort, viser at folk som utdannar seg ved Høgskulen i Volda, i stor grad får seg jobb.

Ho la vekt på breidda i utdanningstilbod ein finn ved HVO og ikkje minst studentmiljøet og dei tette banda mellom studentane, lærarane og bygda elles.

Utdanningsdagane MID

Del på