Auka løyvingar til UH-sektoren bør rette opp skeivskapar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulane i Sør-Trøndelag, Molde, Volda og Hedmark er attraktive, men underfinansierte høgskular, skriv rektorar og høgskuledirektørar i eit samla brev.

– I dag er våre høgskular både attraktive studiestadar og arbeidsplassar. Vi er likevel redde for å hamne i ein negativ spiral som til sist går ut over regionane si evne til å dekkje kompetansebehovet.

Av 21,5 mrd kr som vert tildelt over Statsbudsjettet i 2009 for universitet, vitskaplege høgskuler og statlege høgskuler, vert 13 mrd tildelt i basis (ca 60 % av total bevilling). Det betyr at 13 mrd kroner vert fordelt til 37 institusjonar utan at nokon kan seie kva kriterium som ligg til grunn for dette. Dei resterande midlane vert overført etter ein formel som reknar forskingsaktivitet og talet på uteksaminerte studentar.

Straffa av høg effektivitet

– Måten basiskomponenten i høgskulefinansieringa vart fastsett på i år 2002 kan seiast å ha ramma institusjonar med høg effektivitet/studiepoengproduksjon i startåret. Utrekninga var då med på å legge eit grunnlag på feil premissar.

Store skilnadar som ingen kan forklare

Basiskomponenten er som ei ”black box”, det vil seie at ingen kan fortelje kva element som ligg til grunn for utrekninga for kvar enkelt institusjon.

– Vi har stilt departementet dette spørsmålet i fleire år, men aldri fått noko klart svar, forklarar Jacob Kjøde jr. i Volda.

– Det er kjent kva basistildelinga er meint å dekke, men skeivskapane i tildelinga er så store at det ikkje kan forklarast med skilnadar i storleik, studietilbod, husleige, talet på studieplassar eller liknande.

Modellen for tildelinga skal mellom anna ta vare på kompetansebehovet i distrikta, men dette kriteriet vert ikkje etterfølgt, og rammar tre av dei fire høgskulane.

– Vi er heilt samde om at skilnadene er store. Som døme kan vi trekke fram at den best finansierte høgskulen får kr 165.000 pr student meir i basistildeling enn den dårlegast finansierte.

No ber høgskulane om eit møte med Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen (KUF-komiteen) på Stortinget og med statsråden for å diskutere spørsmålet.

Del på