Fotoutstilling: My Volda

Tekst: Per Arne Brandal , Foto: Foto: Gaute Hareide

- Oppdatert

Studentane ved studiet Foto for Media fekk i byrjinga av semesteret i oppgåve å ta bilete av Volda slik dei opplever bygda. Dei beste bilda er no å sjå i kantina i Berte Kanutte-huset.

Foto for media starta opp i 2003. Undervisninga er på engelsk og om lag tre fjerdedelar av studentane er Erasmus-studentar. På desse åra har vi hatt 700 studentar frå 35 forskjellige nasjonar og fire kontinent, seier fagleg ansvarleg Gaute Hareide ved Avdeling for mediefag.  

Foto for media (15 studiepoeng) har som målsetting å førebu studentane for fotografering i mediebransjen.

– Det vert stilt ei rekkje krav til foto som skal brukast i media. Dei skal vere «lesbare» i den forstand at dei skal kunne forståast av mottakar, dei skal ikkje innehalde irrelevant informasjon, dei skal fortelje ei historie, dei skal fange augneblinken og sjølvsagt ikkje vere manipulerte på noko vis. Etter fullført kurs vil studentane kunne jobbe som fotografar i regionaviser og liknande, seier Hareide.  

– Bilda er utskrivne i stort format på hustrykkeriet med god og kyndig hjelp frå Margrete Apelseth (HVO-drift), og utstillinga vil vare til og med neste veke. 

 

My Volda 1
My Volda 2
Foto for media studentar

Internasjonalt på Foto for media. Frå venstre: Amée Vos (Nederland), Kirsten Stünkel (Tyskland), Svenja Kleppich (Tyskland), Dyon van Ebben (Nederland), Timo Becker (Tyskland) og Janne van Diepenbeek (Nederland).

Del på