Framleis mogleg å søke om utveksling

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

c40f366253a114d6cfd8bdb34b51a08389c92c9e

Snart på veg mot nye, aust-europeiske eventyr: F.v. Magnus Myrtveit og Sigurd Mørtvedt, begge studentar ved Media, IKT og design, gledar seg til ei tid vekke frå vesle Volda.

I februar set dei kursen mot Thomas Bata Universitetet i byen Zlín aust i Tsjekkia. Der skal dei studere fag som er relevante for bachelorgraden i Media, IKT og design, mellom andre History of Film Music og Web design.

 –Vel utradisjonelt og lev som kongar

Leiar for Internasjonalt kontor Cecilie Wilhelmsen oppmodar fleire studentar til å ta utveksling i Europa og særleg Aust Europa. 

–Aust-Europa er særleg aktuelt fordi Norge har høg arbeidsinnvandring frå desse landa, og det vil vere eit fortrinn i ein framtidig jobb å ha kultur- og språkkunnskap frå til dømes Tsjekkia. Studielån og stipend rekk dessutan langt i Tsjekkia. Med bukostnadar på rundt 800 kroner per månad for ein studenthybel kan studentane leve som kongar, seier Wilhelmsen engasjert. 

Ho er strålande nøgd med at reisefølgjet til Zlín vert på heile fem studentar. Tre animasjonsstudentar har nemleg også fått plass på Thomas Bata til våren. 

Mindre tiltak enn folk trur

Myrtveit og Mørtvedt har eit inntrykk av at mange studentar let seg skremme av søknadsprosessen når dei vurderer eit utanlandsopphald.

–Det er faktisk ikkje så mykje arbeid som folk trur. Eg trur me brukte to timar på å søke, fortel Sigurd Mørtvedt. 

No ser både han og kamerat Myrtveit fram til å oppleve noko nytt, spanande og litt større enn Volda neste semester. Og mens dei fleste medstudentane som dreg ut siktar mot sol, strender og varme, har desse to karane latt seg freiste av litt andre gode i Tsjekkia.

– Billeg husleige og mat, og ja, billeg øl er heller ikkje å forakte, ler Myrtveit. 


Det er framleis nokre dører på gløtt for deg som vil reise til partnaruniversitet i Europa. Fleire har frist ultimo november. Send ein e-post til cw@hivolda.no eller stikk oppom Internasjonalt kontor på BK 362.

Del på