Gjestar frå Japan til HVO

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Denne veka fekk HVO besøk av ein delegasjon frå vårt partnaruniversitet Rikkyo University i Tokyo. Gjestane frå Austen vart imponert over det dei såg og høyrte i Volda.

Den flotte naturen her gjorde inntrykk sjølv om veiret ikkje spelte på lag under besøket.

Rikkyo University er eit nytt og spanande partnaruniversitet for Høgskulen i Volda (HVO). Universitetet har i overkant av 20 000 studentar, ligg sentralt i Tokyo og har eit større fokus på internasjonalisering enn andre japanske universitet. I delegasjonen som vitja HVO denne veka var til og med presidenten for universitetet, Dr. Tomoya Yoshioka, noko som viser kor stor interessa er for å verte betre kjend med HVO.

Rikkyo University har etablert eit engelskspråkleg studieprogram, GLAP (Global Liberal Arts Programme), som skal vere ein spydspiss i deira internasjonale satsing. Japanske studentar på dette programmet vil ta heile utdanninga på engelsk og må reise på utveksling i eit år. HVO er eit av om lag 14 universitet over heile verda studentane kan velje å utveksle til og det var difor delegasjonen frå Tokyo var så interessert i å lære meir om HVO.

Under besøket fekk gjestane eit møte med rektoratet og vart betre kjend med campus og fasilitetar på HVO. I tillegg la ein opp til møter med relevante fagmiljø og fagleg tilsette med interesse for Japan. Gjestane fekk også høyre om historiske og moderne band mellom Noreg og Japan, med vekt på fiskeri og maritim industri.

Leiar for Internasjonalt kontor, Arne Humberset, koordinerte besøket og er svært godt nøgd med tilbakemeldingane.

– Vi er svært glade over at Rikkyo University ynskjer å vitje oss og at dei har eit så godt inntrykk når dei reiser. Dette betyr truleg at vi kan vente oss fleire studentar frå Japan i framtida og at HVO kanskje kan etablere forskings-kontaktar med Rikky University. Japan er eit av hovudsamarbeidslanda for norsk høgare utdanning og no har HVO gode kontaktar å bygge vidare på, seier Humberset.

Del på