Grip sjansen, reis på utveksling

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

–Klart du må nytte deg av denne moglegheita!

Student ved PR, kommunikasjon og media, Kristian Fredheim, er ikkje i tvil. Etter jul reiser han, saman med dei fire kompisane og medstudentane Fredrik Reed, Johan Danielsen, Simen Tønnesson og Niclas Kjøde, til Hawaii Pacific University. 

6005fbc6defb5ba1a17e037d66c985123df72b72

Har inntatt surfeposisjon: f.v. Niclas Kjøde, Kristian Fredheim, Simen Tønnesson, Johan Danielsen og Fredrik Reed er klare for eit semester på Hawaii Pacific University etter jul. 

Studiar og sol

–Alt for å sleppe unna den norske vinteren, ler Fredrik Reed. 

Resten av gutane er einige. Eit halvår med tropisk klima, i tillegg til attraktive fag, gjorde at valet av studiestad fall på Hawaii. Alle fem skal studere ulike fag innan PR og journalistikk, og nemner Advertising Sales, Creativity, Foundation of Multimedia Production og Beginning Drawing som emne dei skal ta ved Hawaii Pacific University.

Men, dei reknar med å få mykje meir enn berre fagleg påfyll ut av Hawaii-opphaldet.

–Surfing!
–Bli trygg i engelsk!
–Sol kvar dag!
–Sjå hai!
–Minne for livet! Kjem det entusiastisk frå ein etter ein av dei når dei vert bedt om å nemne døme.  

Internasjonalt kontor hjelper deg

–Ta kontakt med meg om du lurer på eit utanlandsopphald, oppmodar leiar for Internasjonalt kontor Cecilie Wilhelmsen.

Ho garanterer at du ikkje vil angre og anbefaler særleg eit semester i Aust-Europa. Søknadsfristen for institusjonane der er 15. november. Vil du til ein annan institusjon i Europa, har fleire studiestader søknadsfrist første desember.Det er eit hopetall av gode grunnar for å reise ut, meiner Wilhelmsen. Jobb i framtida er ein av dei.

 –Fleire sjefar har røpt til meg at arbeidssøkarar som har vore utveksling alltid vert prioritert når nye medarbeidarar skal tilsetjast.  
 

Har du lyst på utveksling til våren? Stikk innom leiar for Internasjonalt kontor Cecilie Wilhelmsen i tredje etasje på BK, eller send ein e-post til cw@hivolda.no snarast råd. 

Nysgjerrig på Hawaii? Les bloggen til journaliststudent Svein Erik Giskegjerde. Han er på utveksling ved Hawaii Pacific University dette semesteret. 

Del på