Per Halse blir vikarierande høgskuledirektør

Tekst: Tor Mikalsen

- Oppdatert

Høgskulestyret vedtok i møte 23. oktober å gje professor Per Halse tilbod om engasjement som vikar som høgskuledirektør i tida Karen Lomeland Jacobsen har permisjon. 

Per Halse, som til vanleg arbeider ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, meiner Høgskulen i Volda er ein svært viktig institusjon i regionen. - For meg har han vore ein spennande, lærerik og triveleg arbeidsplass i snart tretti år. Sentrale leiaroppgåver hadde eg ikkje tenkt å ta på meg fleire av, men når eg no vart oppmoda om å vikariere for høgskuledirektøren, fann eg etter litt tenkjetid å svare ja. Hovudgrunnen til at eg vågar ta oppgåva på meg er alle dei kjekke og dugande tilsette som eg skal samarbeide med, seier Halse. 
 
Rektor og styreleiar Johann Roppen er glad for at Per Halse har teke på seg denne oppgåva og eg ser fram til eit godt samarbeid. – For dei som ikkje kjenner Per frå før, kan det nemnast at han var rektor i førre periode (2011-2015). 
 
Per Halse tek til i jobben 3. desember, og skal sitte i direktørstolen fram til 31. august. 2019.
 

Del på