Hardt arbeid og høge ambisjonar vart suksess

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Simon Mbugua og Lodwick Cheruiyot kom til Noreg og Høgskulen i Volda i 2005 gjennom skulen sitt Quota-program. Målet med Quota er at studentar frå utviklingsland i Sør-, Sentral- og Aust-Europa og Sentral-Asia skal få høve til å ta relevant utdanning som kan komme heimlandet til gode. Programmet oppfordrer norske utdanningsinstitusjonar til å styrkje kunnskapssamarbeidet globalt. Simon og Lodwick hadde eit år bak seg på Faculty of Sociology ved University of Nairobi. HVO har utvekslingsavtale med University of Nairobi, og i 2008 vitja mellom anna Dr. Paul Mbatia, fagleg leiar ved Faculty of Sociology,  høgskulen under internasjonal dag.

62f1d8011ac3f2045a4985948cffcc7723bc7f8e         f740134440eacf85b2b8c53d6a0a1d8ffb3dfa6c
Simon og Lodwick er eit godt eksempel på at hardt arbeid og høge ambisjonar gir resultat. (Foto: privat).

Frå norskopplæring til sosionomutdanning
Første året i Volda tok Simon og Lodwick norsk for utanlandske studentar (NUS). Hausten 2006 starta dei på sosionomstudiet og fullførte i vår med strålande resultat og karakteren A.

- Dette er ikkje noko mindre enn ein fantastisk bragd! Å studere på eit heilt nytt og framandt språk som norsk, og i tillegg oppnå topp karakter, er berre til å ta av seg hatten for. Jamt og hardt arbeid har gitt gode resultat, fortel Ingun Klepp ved Institutt for sosialfag - Den norske kulturen og ikkje minst den norske studiekulturen har vore ei utfordring undervegs. Simon og Lodwick  har takla utfordringane, og det ser heller ikkje ut til at dei undervegs har mista den lærdomen dei hadde med seg heimanfrå; nemleg at hardt arbeid og høge ambisjonar er viktig for den som får sjansen til å studere, avsluttar Klepp.


Les meir om Quota-samarbeidet.

Les meir om NUS og sosionomutdanning.

Del på