Høgskulen sertifisert som Miljøfyrtårn

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda er no sertifisert som «Miljøfyrtårn». Sertifikatet vert tildelt verksemder som innfrir ulike krav til miljøinnsats og samfunnsansvar. – Vi er glade for at vi no har fått til dette. Både studentar og tilsette har etterspurd ein tydlegare miljøprofil, seier høgskuledirektør Karen Fredrikke Lomeland Jacobsen.

Over 5400 små og store verksemder er sertifisert som Miljøfyrtårn i Noreg. Miljøfyrtårn har kriterium for over 70 ulike bransjar. Miljøfyrtårn-ordninga vert drifta av Stiftelsen Miljøfyrtårn.

– Ei intern arbeidsgruppe har sidan i fjor haust jobba med å tilpasse verksemda til eit breitt spekter av krav for å bli sertifisert. Rett før ferien kunne autorisert sertifisør Arild Støylen, som til dagleg jobbar som ingeniør i Ulstein kommune, godkjenne Høgskulen i Volda som gyldig Miljøfyrtårn, opplyser direktør Lomeland Jacobsen.

Arild Støylen fortel at dei mange sertifiseringskrava kan delast inn i sju grupper: krav til ulike administrative system og rutinar som til dømes HMS, arbeidsmiljø, innkjøp, energi med blant anna vekt på energieffektivisering, transport og reduksjon av miljøgassar, avfall med kjeldesortering og estetikk.

– Høgskulen i Volda skal no lage ein årleg rapport som dokumenterer det vidare arbeidet med desse sakene. Etter tre år må høgskulen resertifiserast, seier Arild Støylen.

Del på