Innhaldsrik opning av nytt studieår

Tekst: Terese Balsnes , Foto: Dagfinn Graneng

- Oppdatert

– Gå eigne vegar, ta dine eigne avgjerder. Det å vere annleis kan vere di største styrke gjennom resten av livet! Dette rådet gav hovudtalar Mah-Rukh Ali til dei nye studentane då studieåret 2018/2019 offisielt vart opna 14. august.

Mah-Rukh Ali

Den tidlegare Volda-studenten, NRK-journalisten, mangeårig nyhende-anker i TV2, og no forfattar og kommunikasjons- og samfunnssjef i Care, oppmoda gjennom tre historier frå sitt eige liv om også å dyrke ein lidenskap ved sida av studia, og å stadig søke ny kunnskap for å unngå å "gro fast".

Minikonsert og eige barnekor

Side Brok saman med elevar ved Øyra skule

Gå eigne vegar er også noko nynorsk-rapparane i Side Brok er kjende for å gjere, og heimegutane frå Hovdebygda var årets band ved opninga. Dei gav tilhøyrarane ein minikonsert før, samt fleire bidrag under sjølve seremonien. Saman med sjette-klassingar frå Øyra skule i Volda, fikk publikum ein heilt ny versjon av «Nordmannen» - det kjende diktet av Ivar Aasen.

– Velkomen til Volda, til vatn og til verda

Rektor Johann Roppen

I si helsing til dei fleire hundre frammøtte, peika rektor Johann Roppen på den rolla heile Høgskulen i Volda har i ei samansett verd i endring. Les heile velkomsttala på rektorbloggen.

Studentpris-vinnar

Studentprisvinnar 2018, Oda Berglund

Tradisjonen tru vart årets studentpris delt ut under opninga. Oda Næs Skoglund har utmerkt seg som ein svært aktiv og engasjert student, mellom anna som sjef for VEKE-revyen 2018, som leiar av Dokfilm-festivalen 2018, som brubyggjar og medmenneske. Prisen vart delt ut av prorektor Jens Standal Groven.

– Volda - the place you'll never forget

Programleiarar

Den offisielle opninga av studieåret vart leia av Sara Bergland og Christina Wilke, studentar på høvesvis Grunnskulelærarutdanninga og Master in Media Practices. Studentparlamentet var representert ved leiar Simen Langeland, og Fadderveke-styret orienterte om Fadderveka. Alle nye studentar går no inn i ei veke med ei rekkje ulike arrangement og sosialt samvær, både på campus og i resten av studiebygda Volda.

Sjå opptak av den offisielle opninga av studieåret 2018/2019 ved Høgskulen i Volda

(Arrangementet tek til ved 4:54).

Del på