Innovasjonscamp 2018

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda ved Kontor for samfunnskontakt har vore oppdragsgjevar og vertskap for godt og vel 100 elevar frå Volda vidaregåande skule i samband med undervisningsopplegget Innovasjonscamp. – I år har vi bedt elevane om kreative innspel med tanke på studentrekruttering, seier rekrutteringsansvarleg Veronica Kvalen Pilskog ved Kontor for samfunnskontakt.

I to dagar har elevane frå Volda vidaregåande skule kjempa med å meisle ut kreative idear som svar på følgjande oppgåve: Kva må til for at Høgskulen i Volda skal verte meir attraktiv for ungdommar på Sunnmøre? Kom med forslag til konkrete tiltak som kan føre til at ungdommar frå Sunnmøre ønsker å studere ved Høgskulen i Volda.

22 grupper leverte inn forslag, og juryen hadde ein vanskeleg jobb med å peike ut vinnaren. Etter ein første gjennomgang av alle forslaga var det 13 peika seg ut.

Vinnaren

Juryen med Terese Balsnes (HVO), Magnhild Eikenes Kile (Studentsamskipnaden i Volda) og Erlend Krumsvik (Sunnmøre kulturnæringshage), valde til slutt ein idé frå Mari Standal Digernes, Eyni Abdullahi, Margrete Nybø og Johannes Barstad der ein nettbasert, SKAM-inspirert serie om høgskulen og livet i studiebygda Volda er eit berande element.

I grunngjevinga si peika juryen på at dette er ein heilt ny måte å drive studentrekruttering på. Ein tek i bruk eit etablert konsept som er kjent for målgruppa og bevegar seg i eit kjent område i populærkulturen. Serien tek nokre av høgskulen sine kjerneverdiar på alvor når dei vil spele på «kjensla av nærleik».  Dei heldige vinnarane fekk 3000 kroner på deling.

På andreplass kom «Framtidstesten», ein Quiz meint for elevar på alle dei vidaregåande skulane på Sunnmøre. Tredjeplassen gjekk til «Voldas daglege Facebook-side» laga av studentar for søkjarar.

Vinnarane IC2108
Vinnarane. Frå venstre: Fv: Mari Standal Digernes, Eyni Abdullahi, Margrete Nybø, Johannes Barstad.  

Les meir om Innovasjonscampen 2018.

Del på