Kjelland tildelt utdanningspris

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Dosent Arnfinn Kjelland vart tildelt «Pris for kvalitet i utdanninga» for 2017 under høgskulen sitt julebord fredag for si nytenking gjennom mange år.

Kjelland, som er tilknytt Historisk institutt, vart overrekt eit diplom som det synlege beviset på prisen av prorektor Jens Standal Groven. I tillegg fekk prisvinnaren 30 000 kroner som skal nyttast til tiltak som fremjar studiekvalitet av fagleg-pedagogisk karakter og andre tiltak som styrkjer utdanningskvaliteten. 

I grunngjevinga for prisen kom det fram at Kjelland har vore interessert i ny teknologi og korleis den kan gjere undervisninga betre. Kjelland har sidan starten i 1999 vore sentral i oppbygginga av Historisk institutt sitt tilbod i nettbasert undervisning. Forutan å byggje opp og sitje med det faglege ansvaret for fleire emne, har Kjelland vore den sentrale pådrivaren i arbeidet med ei pedagogisk vidareutvikling av nettilbodet. Dette har han gjort gjennom å ta i bruk ny teknologi, tufta på ein grunnleggande pedagogisk tanke om aktivisere studentane gjennom eigen aktivitet.

Sidan 2003 har Kjelland vore ein initiativtakar for å vidareutvikle undervisningstilbodet på nett. I dag kan alle emna som Historisk institutt tilbyr takast som nettstudium. Kjelland har også arbeidd for meir studentaktive unervisningsformer og eit akua fokus på rettleiing av studentar undervegs i studiet.

Dei største pedagogiske endringane ved instituttet på midten av 2000-talet og framover fann stad i emna der Kjelland sjølv sat som fagansvarleg, HI204 Lokal- familie og mikrohistorie og studieprogrammet Slektsgransking. I desse emna har Kjelland mellom anna fullt ut utnytta dei teknologiske moglegheitene som baud seg då Arkivverket tok til å digitalisere historiske kjelder. Her har studentane med utgangspunkt i pensumlitteraturen og undervisningsmateriellet utvikla av Kjelland sjølv, fått prøve seg som forskarar i det rikhaldige kjeldematerialet som finst i arkiva.

Kjelland la i sin takketale stor vekt på det gode faglege samarbeidet ein har ved Historisk institutt.

Del på