Konsert i teatersalen: ”From Berlin to Broadway”

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

ebcab6e5901c887f75973c9931930ae63b571ad8
"At the Baden-Baden Chamber Music Festival, 1927, where the Mahagonny Songspeil was first performed. In the first row at the left is Lotte Lenya; Kurt Weill is on the left in the back row." Foto frå CBC.ca

– Kurt Weill er ein av det førre hundreåret sine meir spanande komponistar med ein produksjon som blant anna inneheld nyskapande tysk teatermusikk, franske standardlåtar samt amerikanske Broadway-slagarar, melder stipendiat Øyvind Eiksund ved Seksjon for musikk, Avdeling for kulturfag.

– Dei fleste har nok høyrd noko av musikken hans, men ikkje alle er klar over omfanget og variasjonen som komposisjonane til Weill har.

Songstudentane presenterer eit utval av Kurt Weill sine songar, frå Berlin, via ein snartur innom Paris, til Broadway.

Konserten vil innehelde kjende slagarar som ”Mack the Knife”, ”Youkali” og ”Lost in the Stars” i tillegg til ein rekkje songar som i samtida si vekka alt frå vill begeistring til politisk furore.

Songarane vil få tonefølgje av eit band beståande av Morten Bollerud (trekkspel + diverse), Øystein Øye (kontrabass), Erik Fooladi (perkusjon), Bård Dahle (piano) og Øyvind Eiksund (fiolin og piano).

Alle er hjarteleg velkomne til eit musikalsk sveip gjennom Kurt Weill sin spanande musikk.

Del på