Malene vart årets matbloggar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Malene Hoel Nilsen sin blogg vart likt av mange då medstudentar og undervisarar på Matkultur og helse skulle peike ut studiets beste blogg for 2017.

Studiet Matkultur og helse nyttar blogg som eit viktig verktøy i undervisninga. Gjennom haustsemesteret har studentane skrive blogginnlegg som ein del av læringsprosessen til kvart tema dei har vore gjennom.

God formidlingsevne

Kari Ryslett, ansvarleg for studiet, vart ikkje overraska over at Hoel Nilsen vant med eit klart felirtal av stemmene.

– Bloggen er fagleg godt skrive, det visuelle uttrykket er fint, bilda stemmer godt overeins med det ho formidlar og ho har rett kjeldetilvising. Vi som lærarar la vekt på det det faglege digitale og visuelle uttrykket. Teksta er enkel å lese og Malene har vist god formidlingsevne, seier Ryslett.

Hoel Nilsen tek Matkultur og helse som ein del av grunnskulelærarutdanninga.

– Korleis ser du for deg å bruke blogg som eit verktøy i jobben som lærar?

– Å vise elevane at blogg er ein plattform for å uttrykke seg. Eg har hatt god erfaring med det når eg har hatt praksis i skular tidlegare. Elevane vert meir nysgjerrige og interessert når dei får lage ein blogg i staden for å skrive ein vanleg tekst i ei bok. Dei får vise seg fram på ein måte som er meir naturleg i dagens samfunn.

Sjå og få inspirasjon frå Malene sin blogg her.

Frå slakting til produkt

Studentane har laga fire blogginnlegg gjennom semesteret, delt inn etter tema dei har hatt på samlingane sine. Då dei hadde om sylting, safting og hermetisering laga Hoel Nilsen marmelade av ripsbær og nektarin, i tillegg til eplesaft. Studentane var formidlarar under Forskingsdagane i Volda og fekk då lære bort sin kunnskap om potet medan dei steikte poteter i ei grue. Opp mot jul var julebakst tema og då laga bloggvinnaren flatbrød og serinakaker, som eit av dei sju klassiske slaga. Når kjøt – frå slakting til produkt – var tema, fekk studentane vere med Eli og Nils Romestrand på garden deira i Barstadvik ein heil dag.

– Dei hadde ei formidlingsevne som var heilt utruleg, det er noko av det mest lærerike eg har vore med gjennom dette studiet. Det er ikkje mange på min alder som kan dette, og er glad for at eg fekk vere med på heile prosessen frå eit levande dyr til eit ferdig matprodukt, seier Hoel Nilsen.

På tvers av generasjonar

Til serinakakene fekk ho gode råd frå mormor og oldemor, som til så mykje anna når det kjem til matlaging. Men når det handla om flatbrødbakst var rollene snudd heilt om.

– Både mormor og oldemor kan det med takkebakst, men flatbrød var ikkje noko dei hadde i fingrane. Då måtte eg lære bort det eg hadde lært på høgskulen til dei. Oldemor fekk opp gode matminne med flatbrødet og tenkte med ein gong tilbake til sin barndom, fortel Hoel Nilsen.

– Det er kjekt at Malene hentar kompetanse hos mormor og oldemor. Det er mindre av det i dag, men det er artig og lærerikt når studentane har slike ressursar rundt seg som dei kan nytte seg av, seier Ryslett.

Ryslett trur Hoel Nilsen vil få god bruk for kunnskapen ho tileignar seg gjennom studiet når ho skal ut i skulen som lærar.

– Ein tredel av faget Mat og helse i grunnskulen handlar om norsk matkultur, og det er ein stor del av det studentane lærer om her på høgskulen.

 

PS! Bloggvinnaren i fjor, Mari-Lene Korsnes, har vorte fast matspaltist i fleire lokalaviser på Søre Sunnmøre.

Del på