Med fokus på e-læring

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert


3132e0b4f2d3da89eb0eba8f4be10d51- Eg ser fram til å ta til med arbeidet, og til å samarbeide med fagleg tilsette om utvikling av eksisterande og framtidige nettbaserte studietilbod.

Leer-Salvesen kjem til Høgskulen i Volda frå stilling som pedagogisk konsulent i Ulstein kommune. Ho er utdanna lærar med master i didaktikk og organisasjonslæring.

- Eg har merka meg at Høgskulen i Volda har eit godt uval innanfor fleksible utdanningstilbod, og har skjønt at om lag ein tredel av studentane er å finne framfor pc-skjermar over heile landet. Dette er ei viktig studentgruppe.

Ho har alt vore i kontakt med fleire av fagmiljøa som driv med desetralisert undervisning. Leer-Salvesen seier ho alt har lært mykje frå desse, og ønskjer å byggje vidare på kompetansen fagmiljøa sit inne med.


Nettstudium ved Høgskulen i Volda

Del på