Nesten dobling i driftsstøtte til Seanse

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Seanse – senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda, får ein kraftig auke i drifsstøtta frå Norsk kulturråd for 2018.

Kulturrådet har ei driftsstøtteordning gjennom Norsk kulturfond som skal sikre gode driftsvilkår til verksemder og mindre institusjonar som bidreg til brei formidling av kunst og kultur, mangfald og fagleg utvikling.

Seanse har fått støtte frå fondet gjennom fleire år, men for 2018 er summen langt høgare enn den har vore. For neste år vil Seanse få 1 300 000 kroner i driftsstøtte, som er ein auke på 572 000 kroner frå 2017.

Kulturfondet gir støtte til fleire ulike fagfelt, og under allmenne kulturformål er det Seanse som har fått den største auken i midlar for neste år.

– Ei rekke verksemder som rådet meiner har god aktivitet og held høgt kvalitetsnivå har fått påplussingar, skriv Kulturfondet på si heimeside.

Seanse arbeider for at alle barn og unge skal kunne oppleve og uttrykke seg gjennom kunst. Dei arrangerer kunstnaropphald, seminar, kunstverkstadar og konferansar. Seanse er lokalisert ved Høgskulen i Volda, og finansiert av Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet via Norsk kulturråd, Møre og Romsdal fylkeskommune og Høgskulen i Volda.

Del på