Nordisk samarbeid om tradisjonsbåtar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Seksjon for idrett og friluftsliv har nytta klinbygde trebåtar ved basen sin på Yksnøya sidan slutten av 1970-talet. Førstelektor Frode Sætre og høgskulelektor Ola Einang var i førre veke på Vikingeskibsmuseet i Roskilde for å lære og dele erfaringar knytt til bruk av tradisjonsbåtar og formidling av kystkultur.

– Vikingskipsmuseet i Roskilde er eit levande museum med eige verft som bygg tradisjonsbåtar i tre. Dei har smie og eigen produksjon av hampetau. Der er også ei eiga skuleavdeling der born frå skular og barnehagar får prøve seg som fullt utrusta vikingar om bord i vikingskip.

– For Seksjon for idrett og friluftsliv (IFL) er det viktig å etablere eit nordisk nettverk knytt til klinkbygde tradisjonsbåtar, og Vikingskipsmuseet i Roskilde er størst i Norden innanfor forsking og formidling på dette området. Dei samarbeider med fagpersonar frå Århus Universitet og København Universitet når det gjeld forsking og formidling knytt til kystkultur og tradisjonsbåtar. Vi hadde  lærerike og nyttige både når det gjeld undervisning, formidling og forsking avsluttar, seier Sætre og Einang.

Frode Sætre og båt.
Frode Sætre diskuterer trebåtar med Søren Nielsen.
Ola Einang_tau.
Ola Einang (til venstre) studerer kvaliteten på tauverket.

Førstelektor Frode Sætre og høgskulelektor Ola Einang har fått ERASMUS-stipend frå Internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda for å prøve å få i stand eit nordisk samarbeid på feltet.

Sjå også:

Studentar på tur til Yksnøya

Bok om Yksnøya

Del på