Opa førelesing med professor Gunhild Hagestad

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Professor i sosiologi, Gunhild Hagestad, vitjar Høgskulen i Volda og vil halde ei opa førelesing med tittelen «Gode grunner for å ta livsløpsperspektivet på alvor», tysdag 30. oktober kl. 1315.

Gunhild Hagestad er Noregs mest internasjonale forskar på feltet livsløpsforsking, med vekt på familiar, aldring, oppvekst og generasjonar. Ho har i lengre periodar arbeidd ved Northwestern University i Chicago, ved sida av stillingar ved Universitetet i Agder og ved Norsk Institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).

Hagestad har mottatt fleire prisar for den faglege innsatsen sin, som den amerikanske sosiologforeninga sin pris for framragande forsking på aldring og livsløp (2013) og Norsk sosiologforening sin heiderspris (2015).

Gunhild Hagestad si forsking vil har stor relevans for mange av fagmiljøa ved HVO.

Førelesinga er open for alle interesserte, på Strøm 244, kl. 1315-15.

Omtale i Sosiologen 11. mars 2017.

Del på