Praksisskular frå heile Sunnmøre

Tekst: Terese Balsnes

- Oppdatert

Høgskulen i Volda (HVO) har i desse dagar gjort seksårige avtalar med praksisskular i heile Sunnmørsregionen.
– Praksisskulane er heilt avgjerande for å kunne tilby lærarutdanning, slår studieleiar for grunnskulelærarutdanningane, Odd Helge Mjellem Tonheim, fast.

Odd Helge Mjellem Tonheim
Odd Helge Mjellem Tonheim, HVO

 

I grunnskulelærarutdanningane inngår obligatorisk praksisopplæring i grunnskulen i studia, og studentane får variert og rettleia praksisopplæring gjennom heile studieløpet ved samarbeidsskulane, som no befinn seg frå Ålesund i nord til Hornindal i sør. – Praksislærarane i praksiskulane er lærarutdannarar dei også, og har ei viktig rolle inn mot våre studentar, seier studieleiaren.

Gode erfaringar som praksisskule

Nina Rabben
Nina Rabben, Valderøy ungdomsskule

 

–  Då eg vart rektor på Valderøy ungdomsskule gav eg beskjed om at eg ønska å gjere fast avtale med Høgskulen i Volda om å vere praksisskule når desse skulle på plass for nye seks år. Dette seier Nina Rabben, som hadde med seg gode erfaringar frå samarbeidet med HVO frå jobben som rektor ved Lerstad skole, ein annan skule i Ålesunds-regionen. –  Det å få vere med på å utvikle studentane til dyktige og godt førebudde lærarar, er svært inspirerande, seier ho. – Å vere praksisskule er også ei god hjelp til å utvikle oss sjølve, for eksempel gjennom tilbod om ulike foredrag frå høgskulen. I tillegg får vi eit godt inntrykk av «våre» studentar, som kan vere viktig når dei seinare søker jobb hos oss, seier rektor Nina Rabben ved Valderøy ungdomsskule.  

Unikt innblikk i det å vere lærar

– Det er viktig med eit godt og tett samarbeid mellom HVO og praksiskulane, då det gir samanheng og konitnuitet i utdanninga, seier studieleiar ved HVO, Odd Helge Mjellem Tonheim. – Det gir studentane ein arena for arbeid med og innblikk i mange sider av læraryrket som ikkje er mogleg å formidle i undervisninga ved høgskulen, seier han vidare. 

Positivt for fagleg utvikling ved praksisskulane

Hårek Sande
Hårek Sande, Lerstad skole

Også Hårek Sande, inspektør ved Lerstad skole i Ålesund meiner samarbeidet mellom praksisskulen og Høgskulen i Volda har stor verdi. – Mellom anna skjerpar det lærarane våre og gjer dei meir bevisste på eigen praksis. Det fører også til meir læring for våre praksislærarar når vi får inn ein gjeng med kreative og nytenkande studentar som gjerne vil bevise noko og prøve ut det dei har lært, seier han. – Samarbeid med ein høgare utdanningsinstitusjon og med personar som er på veg inn i læraryrket gir oss god kontakt med det som rører seg innan pedagogikk og fagdidaktikk, og er såleis særs positivt for skulen, avsluttar inspektør Hårek Sande ved Lerstad skole.
 

 

Del på