Seminar: Korleis rekruttere fleire lærarar?

Tekst: Per Arne Brandal , Foto: Rektor Dag Atle Lee Eksund brenn for lærargjerninga og lærarutdanninga i Volda.

- Oppdatert

– Det skal vere kult, artig og innovativt å vere lærar. Skulane må henge med i utviklinga. Vi må ta i bruk ny teknologi og utvikle nye undervisningsmetodar, seier rektor Dag Atle Lee Eksund.

Dag Atle Lee Eksund (30) var ferdig med lærarutdanninga i Volda i 2011. Etter ein master i rådgjevingsvitskap ved NTNU og lærarjobbar på Rosenborg skole og Charlottenlund ungdomsskole i Trondheim, er han no tilbake på Sunnmøre som rektor i relativt ung alder ved Larsnes skule i Sande kommune.

Seminar om rekruttering til læraryrket

Professor Peder Haug skriv i ein kronikk i Sunnmørsposten 2. mars i år at Noreg risikerer å mangle 10 000 lærarar etter 2021. Nærare 100 000 elevar kan mangle kvalifiserte lærarar.

Tysdag 13. mars skal Eksund ta del på eit seminar på Høgskulen i Volda der rekruttering til læraryrket står på dagsordenen. Det er ikkje tilfeldig at Høgskulen i Volda har invitert Dag Atle Lee Eksund. Eksund brenn for lærargjerninga og lærarutdanninga i Volda. Som student i Volda var han sokalla GNIST-ambassadør i ein nasjonal dugnad for å få fleire til å søkje lærarutdanning. Bak seminaret står Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning og Kontor for samfunnskontakt.

– Vi har invitert sentrale interessentar som Utdanningsforbundet, skuleeigarar, personar i utdanningsavdelingane i Møre og Romsdal fylkeskommune og hos fylkesmannen, studentar, rådgjevarar og andre til eit seminar om rekruttering til læraryrket. Vi vonar at samarbeidspartnarane våre kan kome med gode innspel om korleis vi saman kan auke rekrutteringa. Vi vil også informere om endringar i utdanningsløpet i samband med at lærarutdanningane no er blitt masterutdanningar, seier rekrutteringsansvarleg Veronica Kvalen Pilskog ved Kontor for samfunnskontakt ved Høgskulen i Volda.

Meir informasjon om seminaret og påmelding finn du her.

Variert og utfordrande

Eksund ville ha eit yrke med varierte kvardagar der han kunne by på seg sjølv og søkte difor på lærarutdanninga i Volda.

– Eg likar å ha mange jarn i elden så eg måtte sikte mot ein jobb som ikkje vart «keisam», fri for utfordringar, endring og utvikling, seier Eksund når han må forklare kvifor han valde læraryrket.

Volda har mange gode kvalitetar

– Eg kjende fleire som hadde tatt ei lærarutdanning i Volda og som var godt nøgde med både staden og studiet. Studiebygda Volda har mange gode kvalitetar.  Der er mange og varierte fritidstilbod, eit godt studentmiljø og den vakraste naturen vi finn i Noreg. Høgskulen har også mange dyktige fagfolk. Det er også god kontakt mellom studentane og dei tilsette ved høgskulen.

Rektor i ung alder

Sommaren 2017 ville Dag Atle Lee Eksund med familie tilbake til Sunnmøre etter nokre år i Trondheim.

– Eg søkte på alt eg fann av spennande og utfordrande jobbar. Då eg fekk tilbodet om jobb som rektor på Larsnes skule, tenkte eg at «dette kan no gå bra». Eg har blitt rektor i relativt ung alder, men eg likar utfordringar. Eg trivst kjempegodt her på Larsnes sjølv om det har vore ei bratt læringskurve så langt. Der er ingen fare for at jobben skal bli keisam, seier Dag Atle og ler.

Dag Atle Lee Eksund

Dag Atle Lee Eiksund ser føre seg mange gode år som rektor ved Larsnes skule. Hausten 2018 tek han til på rektorutdanning ved Handelshøgskolen i Bergen. Om utfordringane knytt til det å rekruttere lærarar til skulen seier han:

– Samfunnet er i ei rivande utvikling. Dei som jobbar i skulen skal syte for at flest mogleg av dagens barn og unge blir godt utrusta for framtida. I dette ligg der også enorme moglegheiter for eiga utvikling. Kommunane og Høgskulen i Volda må legge til rette for innovasjon og utvikling. I tillegg så har ein som lærar lært å jobbe med menneske, ein kompetanse som vert meir og meir attraktiv i eit samfunn som er meir og meir teknologibasert. Vidare må ein sjå til at lærarane får fagleg oppfølging og får behalde  dei godane som finst i dagens skule som blant anna arbeidstidsordninga.

– Kva er dine beste stunder i skulen?

– Det er når eg ser elevane mine opplever meistring i eit trygt skulemiljø. Eg gler meg over kjekke kollegaer og interesserte føresette som ønskjer å gjere skulen til ein god plass å vere. Det er utruleg fint å sjå lærarar som ønskjer endring og utvikling med tanke på å kunne hjelpe elevane på ein best mogeleg måte. Gode relasjonar til dei ein jobbar i lag med og gjer ein jobb for, er også gull verdt, avsluttar Dag Atle Lee Eksund.

 

Del på