Skal vidareutdanne yrkesfaglærarar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har av Utdanningsdirektoratet vorte vald ut til å utvikle og gjennomføre to vidareutdanningstilbod for yrkesfaglærarar i vidaregåande skule.

Ni høgskular og universitet i landet sende til saman inn søknadar for 49 ulike kompetanseutviklingstilbod for yrkesfaglærar. Utdanningsdirektoratet har kome i møte 29 av desse tilboda.

Høgskulen i Volda (HVO) skal utvikle og drifte desse to vidareutdanningane frå hausten 2018:

  • Læringsleiing for yrkesfaglærarar, 35 plassar.
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse for yrkesfaglærarar, 35 plassar.

Etterspurnad

– Det er kjekt at vi får til ei satsing med vidareutdanning også for yrkesfaglærarar. Dette er viktig for det praktisk pedagogiske utdannings-miljøet vårt. Samstundes veit vi også at praksisfeltet vårt er interessert i dette, det har vore etterspurnad frå dei vidaregåande skulane i regionen, seier Silje Ims Lied, leiar for Institutt for pedagogikk ved HVO.

Ho får støtte frå Ole Frank Bakken som har koordinert arbeidet med søknaden til dei to nye vidareutdanningstilboda.

– Høgskulen har hatt lite etter- og vidareutdanning som har vore retta spesielt mot vidaregåande skule tidlegare. Det er gledeleg at vi får eit auka fokus på samarbeid med vidaregåande skule, seier Bakken, etter- og vidareutdanningskoordinator ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved HVO.

Praksisnært

Tildelinga frå Utdanningsdirektoratet gjeld for eitt år, i tillegg har ein opsjon på eitt år til. For det første året har høgskulen skrive samarbeidsavtale med seks vidaregåande skular i regionen, yrkesfaglærarar frå desse skulane vert dei første som skal ta dei to vidareutdanningane. For at det skal verte mest mogleg relevant for kandidatane, vil dei som står bak utdanningane ved HVO ha nær kontakt med dei vidaregåande skulane.

Høgskulelærar Reidunn Tvergrov Øye, høgskulelektor Marit Løvøy Gascogne og førsteamanuensis Stine Margrethe Ekornes, alle frå pedagogikk-miljøet, står bak søknaden for Læringsleiing for yrkesfaglærar, medan høgskulelektor Synnøve Amdam har ansvaret for Profesjonsfagleg digital kompetanse for yrkesfaglærarar.

Dei ser fram til å samarbeide med vidaregåande skular og gi vidareutdanning for yrkesfaglærarar for første gong.

– Vi vil vere dialog med skulane for å få til eit best mogleg tilbod for dei. Vi skal lage eit praksisnært opplegg, som er samlingsbasert og med nettstøtte, seier dei faglege ansvarlege.

Ros frå fleire hald

Assisterande utdanningssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Rune Solenes Opstad, stiller seg svært positiv til dei nye tilboda ved HVO. Også frå Utdanningsdirektoratet vanka det godord. I tildelingsbrevet stod det blant anna: «Høgskulen i Volda har levert svært gode tilbod etter vår vurdering».

– Det er ord vi tek til oss og set pris på. Vi har fått liknande skryt for søknadane våre til forskingsprosjekt den seinare tida også, seier Ole Frank Bakken.

Skuleeigarane og dei yrkesfaglærarane som tok ei av dei to nye vidareutdanningane vil verte støtta med enten frikjøp frå arbeidstid eller stipend.

Del på