Studentar fornøgde med Volda som studiestad
Studentane ved Høgskulen i Volda er meir fornøgde med studiestaden sin enn landsgjennomsnittet, og målt opp mot andre studiestader i Møre og Romsdal og Trøndelag, er det berre studentar i Trondheim som er meir fornøgde med studiestaden sin enn Volda-studentane.
Studentane ved Høgskulen i Volda er meir fornøgde med studiestaden sin enn landsgjennomsnittet, og målt opp mot andre studiestader i Møre og Romsdal og Trøndelag, er det berre studentar i Trondheim som er meir fornøgde med studiestaden sin enn Volda-studentane.
Nasjonal undersøking
Resultat frå den nasjonale SHoT-undersøkinga (Studentenes Helse- og Trivselsundersøkelse) vart offentleggjort 5. september 2018. Målet med SHoT-undersøkinga er å gi innsikt i korleis studentene har det og korleis helse- og velferdstilbodet til studenter kan betrast. 76 % av studentane i Noreg er generelt fornøgde med studiestaden sin og har god fysisk helse, men stadig fleire seier dei har utfordringar knytt til psykisk helse og einsemd.
Er glade for SHoT-undersøkinga
– Vi er glade for at SHoT-undersøkinga syner at det er eit bra miljø ved Høgskulen i Volda, men vi ser at studentane våre har mange av dei same problema og utfordringane som studentar i resten av landet, seier rektor Johann Roppen. – Det både er og skal vere travelt å vere student, men det å flytte til ein ny plass for å studere er for mange ein stor overgang. Då er det viktig at vi både har eit godt studentmiljø, eit godt helsetilbod og også ein stad studentar som slit psykisk kan gå for å få hjelp, seier Roppen.
Mykje bra, men også utfordringar
SHoT-undersøkinga viser at talet på studentar i Noreg med det som kan karakteriserast som alvorlege psykiske plager har auka frå nesten kvar sjette student i 2010, til over kvar fjerde i 2018, og talet er tilsvarande høgt for studentar i Volda. – Ved Studentsamskipnaden i Volda er vi veldig tilfreds med at studentmiljøet, butilbodet og kulturtilbodet kjem godt ut, seier adm. direktør Jan Henning Egset. – Likevel ser vi også at vi har utfordringar på lik linje med andre studiestader i landet, seier han.
Samarbeide for å bli betre
For første gong har SHoT-undersøkinga tatt for seg spørsmål som omhandlar seksuell trakassering, der ein av fire studentar i Noreg har vore utsett ei eller anna form for dette. Også i Volda er dette ei utfordring. – Vi og alle andre høgskular og universitet har det siste året fått ein vekkar når det gjeld trakassering, og SHoT-undersøkinga stadfestar at dette er eit problem overalt. Vi tar resultata frå undersøkinga på alvor, og vil saman med Studentparlamentet, Læringsmiljøutvalet og Studentsamskipnaden arbeide vidare for å bli betre, seier rektor Johann Roppen. – Dersom det er studentar som opplever uheldige situasjonar, oppmodar vi om å ta kontakt med studentrådgjevaren i Studentsamskipnaden, eller å bruke «Sei i frå»-knappen på hivolda.no.
Fakta om SHoT:
SHoT undersøkinga vart gjennomført mellom februar og april i år, og 31 % av over 162 000 studentar i heile landet svarte. Ca 600 av dei 4000 studentane ved Høgskulen i Volda har svart på spørsmåla i undersøkinga. Svarprosenten for studentane ved Høgskulen i Volda låg på landsgjennomsnittet. Undersøkinga er gjennomført kvart fjerde år frå 2010, men det er første gong studentar ved Høgskulen i Volda deltek.
Meir informasjon om undersøkinga finn du her: https://studenthelse.no/