Svært god søking til Høgskulen i Volda

Det samla talet på søkjarar frå Samordna opptak som har Høgskulen i Volda som førsteval har auka med nesten åtte prosent frå i fjor: 1367 nye søkjarar ynskjer å starte på ei utdanning i Volda til hausten, ca 100 fleire enn i 2017. Dette er klart etter at søknadsfristen til høgare utdanning gjekk ut 15. april.

Studiestart

Tekst: Terese Balsnes

- Oppdatert

Del på:

Det samla talet på søkjarar frå Samordna opptak som har Høgskulen i Volda som førsteval har auka med nesten åtte prosent frå i fjor: 1367 nye søkjarar ynskjer å starte på ei utdanning i Volda til hausten, ca 100 fleire enn i 2017.

Dette er klart etter at søknadsfristen til høgare utdanning gjekk ut 15. april. – Tala for Høgskulen i Volda ligg klart over landsgjennomsnittet og bryt klart med forventingane hos dei som har meint at høgskular må bli størst muleg for å bli attraktive for framtidige studentar, seier rektor Johann Roppen i Rektorbloggen.  

Gledeleg for lærarutdanningane 

Grunnskulelærarutdanningane opplever ei kraftig auke i førsteprioritetssøkjarar. Søkjarar som ønskjer å bli lærarar på 1. - 7. trinn føl den nasjonale trenden, med ei auke på 17 % frå 2017, medan søkjarar til Grunnskulelærarutdanninga 5. - 10. trinn ligg godt over det samla talet for heile landet. Heile 28 % fleire enn i fjor har Grunnskulelærarutdanning 5. - 10. trinn i Volda som førsteval, medan talet på landsbasis er 13 %. Også barnehagelærarutdanninga aukar talet på søkjarar, og særleg deltidsutanninga ser ei stor auke i førsteprioritetsøkjarar, med 78 % auke målt mot fjoråret.  

Johann Roppen
Rektor Johann Roppen

 

Krisa i mediebransjen over? 

Søkjarar til mediefaga ser ut til å ha trua på framtida. Det viser både den nasjonale trenden og søkjartala til Høgskulen i Volda. Samtlege bachelorutdanningar i journalistikk, PR og kommunikasjon, animasjon, medieproduksjon og mediedesign har ei auke i førsteprioritessøkjarar - spesielt medieproduksjon har ei formidabel auke, med nesten ei dobling av førsteprioritetsøkjarar samanlikna med 2017.
– Vi er ein spissa og profilert høgskule med ein tydeleg fagleg profil. Difor er det særleg gledeleg med sterk auke i søkjartala både på lærarutdanningane og mediefaga, seier rektor Johann Roppen.  

Konkurranse om studieplassane  

Sosionom- og barnevernspedagogutdanningane held seg stabile med gode søkartal. Særleg på sosionomutdanninga er det konkurranse om studieplassane, med 2,6 førsteprioritetsøkjarar per studieplass. For Høgskulen i Volda sett under eitt er talet på førsteprioritetsøkjarar per studieplass 1,8. Også dette er ei auke frå 2017, då talet var 1,6 søkjarar per studieplass. Den utdanninga søkjarane må kjempe hardast for å få studieplass, er på årsstudiumet i friluftsliv.  Med heile 8,7 førsteprioritetssøkjarar per studieplass, og ei auke i søkjartalet på 40 %, er dette eit av dei mest populære tilboda ved Høgskulen i Volda. 

statistikk

Viktig for regionen

Det er ti år sidan det var så mange førsteprioritetsøkjarar frå Møre og Romsdal som det er i år, og talet har gått markant opp frå 644 i fjor til 772 i år, altså 128 fleire. To tredelar av førsteprioritetsøkjarane i Samordna opptak er frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
– I tillegg har vi opptak på ei rekkje studium gjennom vårt lokale opptak, og det gjeld blant anna dei fleste masterutdannningane og mange vidareutdanningar. Så med så høge tal for samordna opptak må vi vere budde på at ein auke også på lokalopptaket, seier rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen.  

Les meir: 

Om opptaket i media:

Del på: