Symfoniorkesteret med fullt hus

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Det var fullt i Berte Kanutte-huset i går kveld under symfoniorkesteret sin konsert med gitaristen og tidlegare HVO-student Pål Aam som solist i "Concierto de Aranjuez" av den spanske komponisten Joaquin Rodrigo.

Orkesteret med sin faste dirigent Miki Campins, som sjølv er frå Spania, kunne by på endå meir spansk musikk. Orkesteret opna nemleg med "Sa nostra Terra" av Enrique Pastor Celda frå Mallorca. Celda er ein god ven av dirigenten.

"Capriol suite", av den britiske Peter Warlock, tok oss tilbake til renessansen. Det er eit spennande stykke i seks svært varierte dansestilar.

Avslutningsnummeret, den krevjande "Karelia" av Jean Sibelius, var ei verdig avslutning. Dirigenten, solisten og orkesteret fekk stor ros frå styreleiar i orkesteret Marita Therese Voldnes for den flotte innsatsen.

 

Pål Aam og Marita Therese Voldnes.
     

Del på