Tidlegare voldastudentar til topps på Filmfestivalen i Berlin
Tidlegare Voldastudentar vann pris på Filmfestivalen i Berlin for animasjonsfilmen "Det trygge huset".
"Det trygge huset" vart i helga kåra til «Årets beste europeiske barnedokumentar 2017». Bak filmen står dei tidlegare voldastudentane Lise Fearnley og Robin Jensen.
Filmen handlar om barn som har søkt tilflukt på krisesenteret i Salten i Nordland, etter å ha opplevd vald og utrygghet. - Grunnen til at vi valde å lage animasjonsfilm, var fordi det då var lettare å anonymisere barna, fortel regissør Robin Jensen. - Animasjon er eit perfekt medium til slike vanskelege tema!
Det trygge huset» hadde premiere under Kortfilmfestivalen i Grimstad i juni 2017, og i haust vann den pris for beste barnedokumentar under filmfestivalen i Duisburg.
Les meir på nrk.no