30 år med engelsk fagstudium og ny master

Tekst: Per Arne Brandal

– Det er 30 år sidan dei første studentane kunne søke på engelsk årsstudium i Volda. For 13 år sidan vart dei første studentane tekne opp på engelsk fordjupingsstudium. I år kan vi tilby ein ny mastergrad i skriftkulturar som tar utgangspunkt i faga norsk og engelsk, seier professor Marie Nedregotten Sørbø ved Institutt for språk og litteratur.

Våren 1991 kunne Marie Nedregotten Sørbø invitere studentar til å søke på eit heilt nytt fagstudium i engelsk. Det hadde vore mogleg å studere engelsk i Volda tidlegare også, men berre som ei halvårseining i lærarutdanninga.

Professor Marie Nedregotten Sørbø.

– Mange av studentane etterlyste eit fullt årsstudium i engelsk som kunne tene som grunnlag for vidare fagutdanning, seier Sørbø.

Les meir om:

30 år med engelsk årsstudium

For å få tilbodet på lufta måtte det ein grundig søknads- og godkjenningsprosess til, både intern og ekstern. Alle universiteta i Noreg godkjende det nye studiet som likeverdig med deira eige.

– Studentane kunne slik kombinere tilbod frå ulike studiestader, lenge før dette var innført som standard, seier ho.

Engelsk årsstudium har vore eit populært studietilbod. Dei første kullet hadde 25 studentar, men studenttalet har for det meste vore minst det doble.

Nettstudium

– I seinare år har det vore mogeleg å ta årsstudiet på nett. Truleg er det mange hundre tidlegare kandidatar som kanskje vil vere interessert i å ta engelsk-utdanninga si eit steg eller to vidare, seier professor Sørbø.

Tretten år med fordjuping

Våren 2008 kunne Sørbø undervise det første kullet i engelsk fordjuping. Det nye emnet ho hadde fått laga og godkjent heitte «Literature and Film». På det jamne har studiet hatt 15 studentar. Fleire emne har kome til  både i litteratur/kultur og i språklege disiplinar. Studentane på fordjupingsstudiet kan supplere med ei bacheloroppgåve.

Ny mastergrad i skriftkulturar

Høgskulen i Volda tilbyr frå hausten ein ny og unik mastergrad i skriftkulturar. Med utgangspunkt i faga norsk og engelsk, set Master i skriftkulturar søkjelyset på tilhøvet mellom ulike kulturar og dei ulike skriftspråka og tekstane som er med på å forme dei. I studiet får studentane høve til å sjå mindre brukte skriftspråk i lys av dominerande verdsspråk med nynorsk og engelsk som sentrale eksempel på skriftspråk med ulike rammevilkår.

– Det er difor på høg tid at studentane våre kan gå vidare til tredje nivå, og ta ein mastergrad. Det nye studietilbodet er det einaste i sitt slag i landet. Tek du dette får du lektorkompetanse anten i engelsk eller norsk, etter kva emne du vel. I tillegg vil du få eit studium som samanliknar desse to, noko som ikkje er minst nyttig for nordmenn som underviser i engelsk, seier professor Marie Nedregotten Sørbø.

Les meir om Master i skriftkulturar.

– Bak studiet står ei gruppe fagfolk som har utarbeidd søknad, planar og pensum i lag. Frå engelsk er det Svenn-Arve Myklebost, Timothy Saunders og Marie Nedregotten Sørbø. Frå norsk er det Hjalmar Eiksund, Tor-Arne Haugen, Stig Helset, og Geir Hjorthol. I tillegg til desse, vil studentane vil kunne dra nytte av eit stort kollegium som vil bidra med undervisning og rettleiing etter kompetanse.

Ny og unik masterutdanning.

Del på