Australia og Vietnam på eit semester

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

7159e204419fcdfbad7ad6729cc66e7e8ffa9a36

I samarbeid med Griffith University i Brisbane, Australia tilbyr Høgskulen i Volda Norge sitt kanskje aller sprekaste studietilbod. Austral-asiatiske kulturstudium (AA-studiet) tek deg til Australia og Vietnam og til lærdom om australsk og asiatisk musikk, kunst, religion, historie, politikk og velferd.

 –Dette studiet er ein fantastisk måte å sjå stader langt vekke og lære nye og ukjente kulturar å kjenne, seier ansvarleg for studiet Stephen Darren Dougherty. 

Les meir om AA-studiet
Studieplan haust 2012

Vietnam erstattar Japan

Programmet for 2012 byrjar i desse dagar å bli klart, og for første gong inkluderer studiet to veker i Vietnam, i staden for i Japan.

 –Me er stolte av å kunne tilby eit opphald i Vietnam til neste års AA-studentar. Dette vert utan tvil eit av høgdepunkta på studiet, seier Stephen Dougherty begeistra. 

Før Vietnam står to vekers innføring i Volda, ei veke i Bourke- «Gateway to the Outback», seks veker med  førelesningar ved Griffith University i Brisbane og eksotiske utfluktar i områda rundt Brisbane, på programmet.

 –Førelesningane ved Griffith er varierte og spanande, lover Dougherty.

Han vonar mange søker studiet som har søknadsfrist 01.03.2012. 


Kontaktpersonar:

Fagansvarleg Stephen Darren Dougherty, tlf: 70 07 53 26, e-post: stephend@hivolda.no
Studiekoordinator Sylvi Gulla Hovdenakk, tlf: 70 07 50 15, e-post: sgh@hivolda.no
Leiar for Internasjonalt kontor Cecilie Wilhelmsen, tlf: 70 07 51 20, e-post: cw@hivolda.no 

Del på