Gjesteførelesing med media- og etikkprofessor fredag

Tekst: Bente Gunn Lien

- Oppdatert

Førelesinga til professor Clifford Christians har tittelen "Media ethics seen from the perspective of the media professionals and the consumers" og finn stad fredag 18. april kl. 12.15, Berte Kanutte-huset, store auditorium.

Temaet vil utfordre både medieprofesjonelle og brukarar av media, og det er lagt opp til diskusjon etter Christians si førelesing.Førsteamanuensis Svein Brurås vil gje respons på førelesinga, og ordstyrar blir Asbjørn Simonnes.

Les meir om Clifford Christians på University of Illinois si heimeside 

 

Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag inviterer til foredrag og seminar der aktuelle og utfordrande saksområde blir drøfta: Kyrkjeleg splid eller samhald, Religionsdialog i Israel og Noreg og Medieetikk.


Dagsseminara er opne for alle som er interessert, og første foredrag startar i morgon, onsdag 16. april kl. 10.15 i Berte Kanutte-huset store auditorium. Nedanfor finn du programmet for dei tre dagane:

 

PROGRAM

 

program_1

 

Dr.theol. Olav Fykse Tveit er generalsekretær for Mellomkyrkjeleg råd, og skal innleie til drøfting om Kyrkjeleg splid eller samhald. Han har ansvar for at Den norske kyrkje møter andre kyrkjer og andre truande på ein god måte.

Stipendiat Yvonne Margaretha Wang er tilsett ved Høgskulen i Volda, Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, og skal snakke om religionsdialog og fredsarbeid i Israel.

 

Dr. Clifford Christians er professor i kommunikasjonsforsking og journalistikk ved University of Illinois, Urbana Campaign i USA.Christians er forfattar av ei lang rekke bøker og tidsskriftsartiklar og er med i redaktørstaben for fleire vitskaplege tidsskrift.Han er rekna for å vere ein av nøkkelpersonane i debatten om liberalisme og kommunitarisme i journalistikken.Christians er også rekna for å vere ein av dei fremste i verda i forskinga om medieetikk, og er stadig nytta som gjesteforelesar i ulike samanhengar internasjonalt.

 

 

Vel møtt!

 

- Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag

Del på