Historieseminar
Arbeidet med Fylkeshistoria i Sogn og Fjordane vert presentert på eit seminar i Florø fredag 2. november. På seminaret vil ein få eit første glimt av historia og kva tankar historikarane gjer seg om vegen vidare. – To forfattarar ved Historisk institutt er med og skriv denne fylkeshistoria, seier førsteamanuensis Arnfinn Kjelland ved Høgskulen i Volda.
Flora kommune og fylkeshistorieprosjektet i Sogn og Fjordane skipar til seminar i Florø fredag 2. november kl. 1000 – 1530 i Flora samfunnshus. Stikkord frå programmet: Rikssamlinga, skipinga av Nordre Bergenhus amt, kysten si rolle og skipinga av Florø by.
Kl. 1600 er det lansering av «Før byen kom», første band av historieverket om Flora, skrive av Gaute Losnegård.
Sjå fullstendig program (pdf)
Seminaret kostar kr 250,- (mat/drikke), boklanseringa er gratis.
Påmelding til edvin.helgheim@flora.kommune.no innan 26. oktober.