Historiestudentar på ekskursjon til klosteret på Selje

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

0676e29bafbf0b97ece2258725be7ab970d3689a

Studentar, guide og førsteamanuensis Hans Jacob Orning inne i St. Jetmundkyrkja på Åheim.

Frå Åheim køyrde dei over det gamle krysningspunktet Mannseidet til kommunesenteret i Selje. Derfrå tok dei Klosterbåten ut til klosterruinane på øya Selja, der den kunnskapsrike "broder Jan" (som òg er båtførar) viste rundt på klosteranlegget.

Broder Jan fortalde legenda om St. Sunniva, som var bakgrunnen for at benediktinarordenen etablerte klosteret kring år 1100. Han fortalde også historia om korleis konserveringa av ruinane har gått føre seg dei siste par hundre åra.

d69c31ef4111274de79c19cb5face3a5a2cc0047

"Broder Jan" (som ikkje er munk) greier ut om klosterlivet på Selja. Her i klosterhagen framfor tårnet, med Stadlandet i bakgrunnen.

Deretter smaka dei fleste på det heilage vatnet i Sunnivakjelda, før dei gjekk opp til den heilagste staden på øya, sjølve hellaren, Salen eller Mikalskyrkja, der legenden fortel at Sunniva vart funna av Olav Tryggvasson i året 996.

6e04a2b158190ac8ceb5e222c979e1062cb4d867

Studentar i "det aller heilagste", Mikalskyrkja, opp under hellaren der Sunniva etter legenden vart funnen.

Fredag går turen vidare til Kjerringa eller Vestkapp ytst på Stad, til Ervika der det låg eit tysk kystfort under andre verdskrigen og der hurtigruteskipet St. Svitun sokk under dramatiske omstende i september 1943.

Det vert også tur til Dragseidet, der båtar har vore drege over for å unngå det opne havområdet utafor Stad heilt sidan vikingtida til berre for eit hundreår sidan. Turen vert avslutta ved det gamle klyngetunet på Indre Fure.

Les meir om Historisk institutt på www.hivolda.no/historie

Del på