Høgskulen i Volda på EECERA-konferanse i Tallinn
Den 23. EECERA-konferansen blei nyleg arrangert i Tallinn i Estland. Tema var Value, Culture and Contexts. Høgskulen i Volda var representert med Torhild Lillemark Høydalsvik og Ragnhild Fauske som hadde innlegg i kvart sitt symposium.
Tekst: Ragnhild Fauske
EECERA er ein stor europeisk konferanse for dei som forskar på barnehage og barns oppvekstvilkår. Alt i alt var der 700 deltakarar frå 49 ulike land.
Ragnhild Fauske (RLK) og Torhild Lillemark Høydalsvik (pedagogikk) er tilsette ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
– Konferansen var svært godt organisert, og det var tydeleg at arrangørane hadde lagt seg i selen for å vise kva eit lite land som Estland kan klare, seier Fauske.
Torhild Høydalsvik leia eit symposium med overskrifta «Preschool profession and identity» der ho også la fram forskingsresultat frå forskinga ho har gjort på arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning. Tittelen på innlegget hennar var «Frames and Roles in Workplace-Based Early Childhood Teacher Education.
Ragnhild Fauske deltok på eit symposium i lag med forskarar frå New Zealand og Portugal der temaet var foreldra sine rettar når det gjeld barneoppseding. Tittelen på Ragnhild Fauske sitt innlegg var “Parents’ Opportunity to Influence the Use of Religious Stories in Kindergarten.” Resultata ho la fram baserte seg på svara frå ei spørjeundersøking ho har gjort mellom førskulelærarar i Møre og Romsdal fylke.
– Vi oppmode fleire om å delta på denne konferansen. Her møter ein gode kollegaer og ein kan knyte nettverk over landegrensene. Neste års konferanse blir i september på Kreta, seier Fauske og Høydalsvik.