- Jostein Fet er ein verdig vinnar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Av: Jan-Ludvig Myklebust. 3. info

Fire om Jostein Fet

1_2202_220

Jan-Inge Sørbø, professor i Nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet

- Jostein er ein verdig vinnar av FoU-prisen. Han er ein entusiastisk formidlar av litteratur. Han er venleg, klok og ein fin kollega. Jostein har vist eit fantastisk tolmod når det gjeld å forfølge sine tema i forskinga. Han har evna til å halde ut lenge med same problemstillinga, gjerne i fleire tiår.

Atle Døssland, professor ved Historisk institutt

- Jostein er grundig i all forskinga si. Han tek ikkje den lettvinte vegen. Han har vist sterk tverrfagleg styrke. Han er open, raus, veltalande og lett å diskutere med. Han delar sine kunnskapar med alle som ønskjer det. Eg er glad det var akkurat han som fekk den første FoU-prisen.

4_3_2203_220

Jens Johan Hyvik, stipendiat ved Ivar Aasen-instituttet

- Jostein er ein fantastisk person. Han har gjort eit utruleg viktig fagleg arbeid, eit grunnleggjande forskingsarbeid som kjem til å stå i fleire generasjonar framover. Jostein er kunnskapsrik og engasjert. Du lærer alltid noko etter ein samtale med han. Vi saknar Jostein her på Lettbygget, og lunsjen er ikkje den same utan han!

Kjell Arild Madssen, dekanus ved Avdeling for humanistiske fag

- Jostein er open og inkluderande. Han er veldig interessert i det andre arbeidar med. Jostein er høgt verdsett av alle som kjenner han og som har fått arbeide saman med han. Han er ein glimrande stilist, det er få som fører ein så stilsikker nynorsk som det Jostein gjer. Det er også viktig å nemne at han framleis er ein utøvande kunstnar, han er ein flink spelemann.

Siste boka til Fet kjem ut på Det Norske Samlaget 25.oktober med tittelen ”Eksetiana. Aarflots prenteverk på Ekset 1809-1935. Bibliografi og kulturhistorie.”
Fet har også vidare planar, men han held framleis korta tett til brystet.

Meir om Jostein Fet

Del på