Jostein Fet lanserer ”Eksetiana” i dag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Pressekonferanse/presentasjon av "Eksetiana" tysdag 14.11.2006 kl. 12.00.
Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, møterom 220.


ekset520

Aarflots prenteverk var det første trykkeriet som låg på landsbygda i Noreg, utanfor det kulturelle og politiske sentrum. Det vart grunnlagt i Volda i 1809, etter at læraren, lensmannen og gradbrukaren Sivert Aarflot hadde fått kongeleg løyve til å byggje prenteverk på garden Ekset. Dei fire andre trykkeria låg i stiftsbyane Kristiania, Bergen, Trondheim og Kristiansand.

Biografien gir eit unikt innsyn i kulturelt og intellektuelt liv i distriktet og landet.
Fet flettar inn biografiske skisser, viser til samtidige hendingane og bøker i inn- og utland og gir perspektivrike og ofte underhaldande kulturhistoriske kommentarar både i djupna og breidda.

Av Jostein Fets mange artiklar og bøker har særleg Lesande bønder (1995) og Skrivande bønder. Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600-1850 (2003) hausta lovord i inn- og utland, og han vart i 2006 tildelt den nystifta Forskarprisen på Høgskulen i Volda.

fet_pris520

Biblioteket ved Høgskulen i Volda hadde sett i stand ei utstilling om arbeidet til Jostein Fet til utdelinga av Forskarprisen 2006 tidlegare i haust.

Del på