Jubileumsseminar: Eg vil møte deg

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Av: Reiel Johan Haugland, info & mediastudent.

Marie Takvam er ein våre fremste lyrikarar etter krigen og ein nestor i nynorsklyrikken. Etter å ha vore festspeldiktar under dei Nynorske Festspela i 2003 blei tekstane til den markante lyrikaren frå Hjørundfjorden oppdaga på ny.

Tekstane hennar skildrar eit heilt livslaup frå ung kjærleik til det å bli gammal. I tillegg har ho vore oppteken av samfunnskritikk mot krig og overflodsamfunnet.

Kontrastar
– Programmet for dagen er variert og inneheld ulike og til dels motsetjande tilnærmingsmåtar til lyrikken hennar, fortel Kjell-Arild Madsen, dekan ved Avdeling for humanistiske fag.

 – Tilhøyrarane vil mellom anna få høyre personlege opplevingar gjennom sonen Magnus Takvam, og den medieskapte Marie Takvam gjennom kulturjournalist i Dagbladet Unn Conradi Andersen.

Kvann
Seminaret vert avslutta med ein konsert på Rokken Scene og plateslepp av ”Eg vil møte deg” med gruppa Kvann som har sett varm og melankolsk musikk til Marie Takvam sine tekstar.

Les meir på www.hivolda.no/takvam - der finn du også utvida program, omtale av innleiarane og lydfiler frå Kvann.

Del på