Elisabeth Busengdal har disputert ved HVO
Fredag 24. november disputerte Elisabeth Busengdal for ph.d.-graden i helse- og sosialfag ved Høgskulen i Volda.

Elisabeth Busengdal under disputasen ved Høgskulen i Volda (HVO) fredag 24. november 2023. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
Fredag 24. november disputerte Elisabeth Busengdal for ph.d.-graden ved Høgskulen i Volda med avhandlinga Relasjonsbygging i kommunalt integreringsarbeid. Ein studie av implementering av integreringspolitikk og samarbeid på tvers av sektorar og styringsnivå.
I avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag har Busengdal gjort ein kvalitativ kasusstudie av to norske kommunar med formål å studere samarbeid i implementering av politikk i det kommunale integreringsarbeidet.
Relasjonsbygging i kommunalt integreringsarbeid. Ein studie av implementering av integreringspolitikk og samarbeid på tvers av sektorar og styringsnivå er ei artikkelbasert avhandling. Busengdal undersøker ulike samarbeidsprosessar der kommunar set i verk integreringstiltak. Studien tolkar korleis dei arbeidde, kva som fremmar eller hemmar samarbeid, og kva som kjenneteiknar samarbeidsprosessane.
Den kunnskapen denne forskinga gir, kan vere viktig for å etablere samarbeid og bygge relasjonar i utviklinga av tenester og tiltak for flyktningar.

Lik forståing og viktige eldsjeler
Funna i avhandlinga viser at det som kjenneteiknar samarbeidsprosessane, er at dei har hatt ei lik problemforståing i arbeidet med å finne løysingar. Det har ført til betre forankring for integreringsfeltet i leiing, politikk og administrasjon. Dette har gitt integreringsfeltet større handlingskapasitet i kommuneorganisasjonen fordi fleire aktørar er involvert. Dei har nytta kommunen sitt plan- og styringssystem til å samle relevante aktørar, sette ein felles agenda og skape tilslutning for arbeidet med flyktningintegrering i kommunen.
I tillegg indikerer funna at eldsjeler eller leiarar som har stort engasjement for fagfeltet, kan framstå som viktige for å sette ein felles agenda, opne dører og oppretthalde engasjementet for integreringsfeltet i kommuneorganisasjonen.

Utfordrande samarbeid om integrering
Bakgrunnen for doktorgradsarbeidet er at integreringsfeltet opplever store utfordringar med å etablere samarbeid om integreringstiltak på tvers av sektorar og styringsnivå i kommunane.
Samtidig viser det seg at nettverksbygging og samarbeid mellom fleire aktørar og fagområde i kommunane er viktig for å forbetre tenester for flyktningar og kan gi betre introduksjonsprogram.
Dette gjer det interessant å studere slike samarbeidsprosessar og er bakgrunnen for doktorgradsarbeidet.

Om doktoranden
Elisabeth Busengdal (35) har mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing frå Høgskulen i Volda (HVO) (2013–2015). Busengdal har også gjennomført Vestlandets forskarskule for pedagogikk- og utdanningsforsking (WNGER II) (2018–2022). Ho har Pedagogisk basiskompetanse frå HVO (2022) og bachelorgrad i Planlegging og administrasjon frå HVO (2010–2013) og har studert Equine Science ved Hòlar University College på Island (2007–2009).