Klipte snora for Hans Strøm i ny drakt
Torsdag feira Høgskulen i Volda (HVO) ein ny merkedag: opninga av det nyoppussa Hans Strøm-huset. Studenten Maher Othman fekk æra av å klippe snora i lag med ein stolt rektor.
Torsdag feira Høgskulen i Volda (HVO) ein ny merkedag: opninga av det nyoppussa Hans Strøm-huset. Studenten Maher Othman fekk æra av å klippe snora i lag med ein stolt rektor.
Hans Strøm-huset, som opphavleg stod ferdig i 1984, har dei siste par åra blitt grundig oppdatert både innvendig og utvendig, med berekraft og ombruk som viktige føringar.
Sidan november 2023 har studentar og tilsette ved Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH) gradvis fått teke i bruk dei etterlengta lokala, som kjem heile høgskulen til gode.
– Du verda, så lyst og triveleg det har blitt. Førtiåringen vi står i no, har fått ei real ansiktsløfting, sa høgskuledirektør Ann Kristin Emblem då ho ønskte eit hundretals gjestar velkommen til kakefest for det flotte bygget.
Emblem overrekte ein stor, symbolsk husnøkkel til ASH-dekan Jorunn Sem Fure – og i god gjenbruksånd var også nøkkelen frå den opphavlege opningsseremonien i 1984.
Byggjer på arven frå folkeopplysaren Hans Strøm
– Dette er eit viktig hus ikkje berre for høgskulen vår, men også for heile lokalsamfunnet i Volda og regionen rundt oss, sa HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim i sin gratulasjon til festlyden.
Huset har namn etter Hans Strøm (1726–1797), som var sokneprest i Volda, naturforskar, topograf og forfattar og hadde tittelen professor.
– Strøm var djupt oppteken av folkeopplysing, og engasjementet hans for utdanning og kunnskapsdeling er ein arv vi stolt byggjer vidare på ved Høgskulen i Volda.
Tonheim fortalde at det i oppussingsprosjektet har vore lagt vekt på å skape moderne undervisningsareal med opne og fleksible læringsområde.
– Som rektor ser eg stolt fram til korleis studentar og tilsette tek i bruk dette flotte huset, sa Tonheim, før han gav stafettpinnen vidare til studentane.
– Meir enn berre glas og betong
Maher Othman, internasjonalt ansvarleg i Studentparlamentet ved HVO, fekk som representant for studentane æra av å klippe snora for det nyopna Hans Strøm-huset.
– I dag opnar vi eit nytt kapittel. Dette bygget er meir enn berre glas og betong, det er eit levande senter for kunnskap og samarbeid. Studentane våre, som er dei viktigaste brukarane av dette bygget og står i sentrum av alt vi gjer: Denne staden er skapt for dykk. Takk til alle som har bidrege til å realisere dette prosjektet, sa Othman, før han klipte snora til rungande applaus.
Studentane stod også sjølve for underhaldninga under opninga. Musikkstudentane Marthe Hoflandsdal Askeland (song) og Ludvik Brune Leikanger (piano) serverte mellom anna ei vakker tolking av Erik Byes «Vår beste dag».
Praktisk talt full oppgradering
Statsbygg har vore byggherre for oppussinga av Hans Strøm-huset, og det Stryn-baserte firmaet HS Bygg har vore totalentreprenør. Prosjektet har utspring fleire år tilbake i tid. Det fysiske arbeidet byrja sommaren 2022, og prosjektet blei avslutta med overtaking i slutten av oktober 2023. Totalbudsjettet var 132 millionar kroner, der HVO har finansiert drygt halvparten.
– Ein kan vel seie at bygget aldri har vore i så god form som no. Eg er stolt og begeistra over å få dele denne markeringa og milepålen med dykk her i dag, fortalde prosjektleiar Lisa Marie Krøvel i Statsbygg.
Så å seie alt ved det 4000 m2 store bygget i fire etasjar er oppgradert med ombruk i fokus. Til dømes er heile grunnkonstruksjonen gjenbrukt med noko forsterking. Heile fasaden er pussa opp med tilleggsisolering og nye vindauge. Ventilasjonsanlegget er bytt ut for å få lågare energiforbruk, og oppvarminga er bergvarme frå brønnar 200 meter under jorda.
– No når prosjektet er ferdigstilt, kan vi sjå tilbake på ei byggjetid som har vore både utfordrande, interessant og lærerik. Spesielt har ombruk vore lærerikt, fortalde Øyvind Sunde frå totalentreprenøren HS Bygg.
Berekraftsfokuset i prosjektet fekk også ros frå Volda-ordførar Sølvi Dimmen, som mellom anna takka HVO for at Volda brann og redning fekk dei gamle kontordørene frå bygget, slik at dei kunne drive viktig øving. I tillegg knytte ordføraren oppussinga til viktigskapen av å vere ein attraktiv arbeidsplass i rekruttering for framtida.
Nye lokale inspirerer studentane
At det nyoppussa huset er ei vitamininnsprøyting for studiebygda, er tydeleg å sjå: I naborommet til opningsseremonien er undervisninga i gang, og i underetasjen har studentar frå ulike linjer allereie funne seg godt til rette i lyse, stilige soner.
– Eg likar veldig godt at vi har fått desse områda. Før har vi kanskje gått rundt på skulen og leita etter ein plass for å kunne jobbe saman, smiler student Annelin Otterlei.
– Spesielt i eksamenstida kan det ofte vere litt fullt, så det er flott at vi har fått fleire plassar å sitje og jobbe, legg medstudent Malin Helland til.
Moderne og innbydande arbeidsplassar er også til inspirasjon.
– Det kjennest liksom friskare her, og det gir motivasjon til å jobbe, fortel studentane, godt nøgde med det nyoppussa Hans Strøm-huset.