La vekk bøkene og vitja nærområdet

Kva rører seg i ein maritim sunnmørskommune i 2023? Det fekk 35 HVO-studentar godt innblikk i på studietur til bedrifter og rådhuset i Hareid.

HVO-studentar hos Jets i Hareid kommune, november 2023.

HVO-studentane på omvising hos bedrifta Jets i Hareid kommune. Foto: Nathalie Homlong / HVO.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Kva rører seg i ein maritim sunnmørskommune i 2023? Det fekk 35 HVO-studentar godt innblikk i på studietur til bedrifter og rådhuset i Hareid.

Kvar haust reiser ei gruppe studentar frå Høgskulen i Volda (HVO) på dagstur til ein kommune i den maritime klyngja på ytre søre Sunnmøre. Her får dei lære om samfunnsutvikling i skjeringspunktet mellom offentleg og privat sektor – og kanskje bli betre kjende med ein framtidig arbeidsgivar.

Debby Eliav
Utvekslingsstudent Debby Eliav er godt nøgd med studieturen til Hareid. Foto: privat.

I år gjekk studieturen til Hareid kommune, og 35 norske og internasjonale HVO-studentar deltok frå faga IPA202 (Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling) og IPA213 (The European Union and Regional development: theories and practice).  Dei fleste av desse er tredjeårsstudentar på bachelorgraden i planlegging og administrasjon (frå 2024: bachelor i samfunnsutvikling).

– Eg syntest besøket var svært nyttig! Dei siste månadene har vi lært om ulike prinsipp og teoriar knytte til regional utvikling. Å få sjå med eigne auge korleis noko av dette blir implementert i praksis, har hjelpt meg å forstå godt nokre konsept som elles blir teoretiske, fortel Debby Eliav (21), som utvekslar til HVO frå Lativa for å studere EU og norsk historie.

Vitja bedrifter, museum og ordførar

Volda-studentane fekk eit rikhaldig program. Første stopp var hos selskapet Ulmatec, som utviklar ulike maritime løysingar. Vidare gjekk turen til Jets, som blant anna lagar vakuumtoalett, og til ei omvising på Ishavsmuseet Aarkvak, før studentane fekk treffe ordførar Bernt Brandal på rådhuset.

– Næringslivet tok verkeleg imot studentane med opne armar! Dei kjem ikkje med bla-bla, men gir studentane eit ekte innblikk i utvikling og utfordringar, og det same opplever vi hos kommunen, fortel professor Nathalie Homlong ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag på HVO.

Nathalie Homlong
HVO-professor Nathalie Homlong. Foto: HVO.

Homlong fortel at målet med turen er å gi studentane innsikt i korleis offentleg sektor skal leggje til rette for at folk har lyst til å bu i regionen og bedriftene kan utvikle seg. I tillegg lærer studentane kva bedriftene er opptekne av og ønskjer seg frå det offentlege.

Ein region med eigenarta dynamikk

HVO-professor Homlong fortel at desse studieturane blir lagde til den maritime klyngja fordi den interessante dynamikken der mellom næringa og offentleg sektor er høgrelevant for dei som studerer mellom anna regional utvikling.

– Her opplever bedriftene varierande etterspørsel og store svingingar. I gode tider treng dei mykje arbeidskraft i ein region der det er avgrensa med arbeidskraft, og samtidig er dette ein region med midlar til å investere i utvikling. I tillegg kjem dei fleste av bachelorstudentane våre frå nærområdet, noko som gjer kjennskapen ekstra relevant, også for jobbsøking etterpå, forklarer Homlong.

Utvekslingsstudenten Debby synest også opplegget var spennande.

– Eg likte det veldig godt! Det var særs interessant å høyre direkte frå både bedriftene og kommunane korleis dei jobbar med det at tilgangen på arbeidskraft er avgrensa, og det å tiltrekkje seg arbeidstakarar og nye innbyggjarar, seier Debby.

Det er tydeleg at det faglege opplegget også har direkte relevans for arbeidslivet som ventar: HVO-professor Homlong ramsar opp fleire studentar som har fått fast jobb i ei maritim bedrift eller på eit rådhus dei har vitja eller hatt praksis i gjennom dette studiet.

HVO-studentane på omvising hos Ishavsmuseet i Hareid kommune.
Studentane fekk også oppleve Ishavsmuseet Aarvak på Brandal. Foto: Nathalie Homlong / HVO.

Brei utdanning med mange moglegheiter

Bachelorgraden i planlegging og administrasjon (frå 2024: bachelor i samfunnsutvikling) er breitt utforma med innslag av både samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap, organisasjonsteori, økonomi og juss. Bachelorstudentane blir til dømes kvalifiserte for å leie utviklingsarbeid og jobbe som saksbehandlar eller planleggjar – og dei kan fordjupe seg med ein mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing ved HVO.

Homlong meiner det er heilt avgjerande at studentane får bli godt kjende med arbeidslivet på det praksisnære studiet.

– Dette opnar auga deira for kva dei kan bli etterpå. Heile poenget med denne bachelorgraden er at vi gjer studiet relevant for alle som vil jobbe i offentleg sektor, i tillegg til at vi også har ganske mange som får seg jobb i privat sektor. Vi har både studentar som kjem rett frå vgs., og vaksne studentar med meir yrkes- og livserfaring – og kombinasjonen skaper ein god dynamikk i klassen. Felles har dei interessa for korleis samfunnet fungerer.

Studenten Debby er godt nøgd med oppbygginga av dei samfunnsfaglege emna i Volda.

– Eg kan definitivt anbefale andre å studere dette her. Eg synest blandinga av teoretisk og praktisk innhald er veldig bra, og studiearbeidet er godt tilpassa i omfang og relevans.

Studentar frå HVO på besøk hos Ulmatec, november 2023.
Ulmatec var ei av bedriftene som HVO-studentane fekk bli betre kjende med på dagsturen til Hareid. Foto: Nathalie Homlong / HVO.

Del på: