KFK: Nynorsk i opplæringa

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Nettstudiet Norsk 2, Nynorsk i opplæringa, er den einaste vidareutdanninga i KFK som handlar om nynorsk og nynorskdidaktikk, seier høgskulelektor Hjalmar Trond Eiksund ved Institutt for språk og litteratur. Søknadsfristen er 1. mars

Nynorsk i opplæringa (30 studiepoeng over to semester) er retta inn mot lærarar som ønskjer meir kompetanse i bruk av nynorsk i skulen på årstrinna 8 til 13.  Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR), eit vidareutdanningsprogram for lærarar og skuleleiarar. All undervisning, rettleiing og eksamen er nettbasert.
 
– På noverande kull har vi om lag 40 studentar som kjem frå heile landet. Mange av dei har ikkje nynorsk som hovudmål og føler seg usikre på sin eigen kompetanse og korleis dei skal undervise i faget, seier Eiksund.

Sjå alle vidareutdanningstilboda for lærarar innanfor Kompetanse for kvalitet. Søknadsfrist 1. mars.

Høgskulelektor Hjalmar Eiksund.

I Nynorsk i opplæringa er to aspekt sentrale. Det eine er kva nynorsk i opplæringa er, det historiske bakteppet, didaktikken og metodane. Det andre er eit kurs i nynorsk.
 
– Kurset er ganske intensivt med til saman 15 små og store arbeidskrav i kvart av dei to semestera, med tett oppfølging frå svært kompetente faglærarar. Tanken bak er at skal du bli god i nynorsk må du skrive og lese nynorsk, seier Eiksund.

Nynorskklynga

I tillegg til Norsk 2, tilbyr Høgskulen i Volda (HVO) i KFK også vidareutdanningane Norsk 1 og Andrespråkspedagogikk.

– Høgskulen i Volda har ekstra gode føresetnader for å jobbe med nynorsk i opplæringa. For det første ligg HVO i ei «nynorskklynge» med Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet. Høgskulen har høg kompetanse innanfor norskfaget og ein master i nynorsk skriftkultur. Alt dette til saman er med på å bygge ein høg fagkompetanse i Volda. For det andre har høgskulen eigne satsingar på nynorsk. Nynorsk språk og kultur er ein viktig del av høgskulen sin identitet. I lærarutdanninga har ein til dømes lagt inn det å skrive fagtekstar på nynorsk som eit eige emne, avsluttar høgskulelektor Eiksund.

 

Del på