Lærar med masterutdanning i kulturmøte

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Inga Lill Grønnerud er lærar på Vormsund ungdomsskole i Nes kommune. I 2020 var ho ferdig med masterutdanninga i kulturmøte på deltid ved Høgskulen i Volda. – Interesse for migrasjon og tida som lærar ved Vålerenga skole motiverte meg, seier ho.

Reiseverksemd, migrasjon og nye kommunikasjonsteknologiar fører menneske frå ulike kulturar i tettare kontakt med kvarandre. I mange ulike yrke skaper dette eit behov for å forstå kulturmøte både i eit historisk perspektiv og i notida.

Les meir om Master i kulturmøte.

Inga Lill Grønnerud utdanna seg som lærar i Sverige. I 2000 begynte ho å jobbe ved Vålerenga skole i Oslo.

Kulturmøte

– På den tida hadde over 60% av elevane ved skulen innvandrarbakgrunn. For meg vart dette eit skikkeleg «kulturmøte» med nokre spesielle utfordingar både i klasserommet og i samarbeidet mellom skulen og heimane. Både i Oslo og andre stadar eg har jobba har eg lagt vekt på å skape ein skulekvardag der elevane får vise fram sider ved kulturen sin på ein grei måte utan at nokon føler at dei vart sette «i bås» på nokon måte. Du kan seie at motivasjonen å lære meir om kulturmøte i stor grad vart skapt i tida som lærar ved Vålerenga skole.

Lokal historie, amerikabrev og masteroppgåve

I 2014 tok Inga Lill fatt på eit årsstudium i historie på deltid ved Høgskulen i Volda.

– Då vi arbeidde med lokalhistorie oppfordra lærar Arnfinn Kjelland oss til å søke etter spennande historier i heimkommunane våre, og eg kom i kontakt med ein journalist som hadde fått tilgang til dokument frå eit privat arkiv i Kongsvinger. Arkivet er ei samling amerikabrev der dei eldste er frå 1870-talet. Dei fleste breva er frå Emil, den nest eldste sonen i familien, som utvandra til USA. Emil sin yngre bror tok vare på breva og opparbeidde familiearkivet, seier Inga Lill Grønnerud.

Inga Lill Grønnerud med nokre av amerikabreva.

Arbeidet med denne samling motiverte Inga Lill til å ta ei masterutdanning i kulturmøte på deltid her ved Høgskulen i Volda, og breva har vore innslagspunktet og kjelda til migrasjonshistoria ho legg fram i masteroppgåva si.

– Eg skriv om Emil Hansen og hans reise over til USA, ei reise som kom til å endre livet hans permanent. Målet med oppgåva var å rekonstruere Emil si livshistorie frå utreise og til han reiser heim på besøk i 1913. Breva er utgangspunktet for forteljinga og eg diskuterer korleis handlingane hans passar inn i migrasjonsteoriar. I brevvekslinga kan vi sjå korleis tilbakeblikk til barndommen og felles minne opprettheld familiebanda trass den store avstanden. Vi ser kva mekanismar som trer i kraft innanfor ein familie som opplever migrasjon. Vi ser korleis familiemedlemane påverkar og støtter kvarandre økonomisk og trøystar kvarandre åndeleg når livet blir vanskeleg. Emil Hansen ga uttrykk for ein djupfølt og varig lengt etter heimplassen og familien i alle breva han sende heim.

– Vart sett som student

– Til slutt vil eg nytte høvet til å skryte av lærarane ved instituttet. Dei har vore svært støttande og eg føler verkeleg at dei brydde seg om studentane på ein måte eg ikkje har opplevd før, seier Inga Lill Grønnerud.

Del på