Lærarkompetanse og kvalitet i grunnskulen

Birgitte F. Grimstad, Randi Myklebust, Arne Kåre Topphol og Peder Haug presenterer resultat frå forskingsprosjektet "Kvalitet i opplæringa" på to store lærarkonferansar i Stavanger og Molde 11. og 12. november. Hovudmålet med prosjektet er å få større kunnskap om korleis kvalitet i undervisninga er forstått, praktisert og opplevd i skulen.

8cc248a69c4eee0ecf2d1caa50271609b8f219b0

Stipendiat Randi Myklebust, professor Peder Haug, professor Lars Inge Terum og førsteamanuensis Arne Kåre Topphol i Volda tidlegare i haust.

Forskarar i Volda har gjennom forskingsprosjektet "Kvalitet i opplæringa - om tilpassa opplæring" (KiO) hatt som hovudmål å få større kunnskap om korleis kvalitet i undervisninga er forstått, praktisert og opplevd i skulen ut frå perspektiv knytt til omgrepet tilpassa opplæring.

Korleis arbeide for betre kvalitet i skulen?

Høgskulelektor Birgitte Fondevik Grimstad, stipendiat Randi Myklebust, førsteamanuensis Arne Kåre Topphol og professor Peder Haug er mellom dei forskarane i Volda som vil presentere korleis kommunar, skular og lærarar kan arbeide for å utvikle kvaliteten på opplæringa i grunnskulen.

Konferansen er arrangert av fylkesmennene i Rogaland og i Møre og Romsdal i samarbeid med Noregs forskingsråd. Prosjektet ”Nyutdannende læreres mestring av yrket” (NYMY) vert også presentert på konferansen.

Les meir om KIO-prosjektet i Volda

Les meir om konferansen, og gå til påmeldingsskjema (Frist 1. november)

Del på: