Ny nettsongbok med bidrag frå tilsette ved høgskulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

På tunkatten Lurivar sin nettstad  finn ein foreløbig rundt 30 barnesongar, men utvalet vil verta større alt i løpet av våren.

- Songboka inneheld både lyd og notar, og er laga slik at dei borna som ikkje kan lese også skal kunne lære songane, seier formidlingsleiar Anne Marta V. Vadstein i Nynorsk kultursentrum. 

tunkatten3_1        Ved hjelp av bilete og lyd kan born enkelt finna fram i nettsongboka.

Saman med gode gamle bornesongar, inneheld songboka ni heilt nye og nynorske bornesongar i ulik stil. I tillegg til dei to tilsette ved Høgskulen, er nokre av bidragsytarane til den nye delen av boka Arne Moslåtten, Aggie Peterson, Per Olav Kaldestad og Henning Sommero.  

Vadstein ynskjer at songboka til Lurivar skal verta brukt i ulike samanhengar, og vonar at lærarar vil nytta den i undervisninga. Dei fyrste heldige til å sjå og høyre frå songboka var 300 lærarar samla til kulturtorg i Molde onsdag førre veke.

Del på