Ny og unik masterutdanning

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Høgskulen i Volda tilbyr ein ny og unik Master i skriftkulturar. Med utgangspunkt i faga norsk og engelsk, set den nye masterutdanninga søkjelyset på tilhøvet mellom ulike kulturar og dei ulike skriftspråka og tekstane som er med på å forme dei, seier fagansvarleg førsteamanuensis Stig Helset.

I studiet får studentane høve til å sjå mindre brukte skriftspråk i lys av dominerande verdsspråk med nynorsk og engelsk som sentrale eksempel på skriftspråk med ulike rammevilkår. Den nye masteren er innretta mot søkjarar som har ein bachelorgrad eller tilsvarande og minst 20 studiepoeng fordjuping i faga norsk eller engelsk.

– I studiet vert det lagt stor vekt på ei samanlikning mellom nynorsk som eit minoritetsspråk og engelsk som eit stort verdsspråk. Det er også aktuelt å sjå på tilhøve mellom ulike engelskspråklege skriftkulturar, til dømes mellom britisk engelsk kontra walisisk, irsk med fleire, seier Stig Helset.

Les meir om Master i skriftkulturar.

Målgrupper

Helset ser føre seg to sentrale målgrupper for den nye mastergraden i skriftkulturar.  

– Målgruppene er studentar, lærarar, kulturarbeidarar og andre som har grunn- og fordjupingsstudium i norsk (nordisk) eller engelsk.

Stig Helset
Førsteamanuensis Stig Helset.

Dei fleste emna, mellom anna «Skriftkulturar», «Vitskapsteori og metode» og «Språkvitskap og skriftkulturar»,  er felles anten ein har norsk eller engelsk i fagkrinsen frå før. Emnet «Nynorsk samtidslitteratur» er for dei med norsk i fagkrinsen, medan «Skrift og fridom i den engelskspråklege verda» er for dei med engelsk. I tillegg får alle studentane på skriftkulturmasteren tilbod om å følgje emnet «Lese- og skrivekunne», som sorterer under lærarutdanningane. I vårsemesteret blir det dessutan lagt opp til internasjonal utveksling for studentar som måtte ønske det.

Lektorkompetanse

Mastergraden i skriftkulturar gir saman med Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) lektorkompetanse i faga norsk eller engelsk i skulen, og kvalifiserer også for arbeid innanfor forlag, media og kulturformidlingsinstitusjonar. Studiet kan takast både på heiltid og deltid.

– Berre om lag 30% av lærarane i den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal er lektorar. Vi vonar at mange engelsk- og norsklærarar ser denne nye masterutdanninga som ein veg til lektorkompetanse, seier Helset.

 

Del på