Basen på Yksnøya 40 år

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Basen for natur, kultur og friluftsliv på Yksnøya er Høgskulen i Volda sitt vakraste klasserom. Bachelorutdanninga i friluftsliv er høgskulen sitt mest populære studietilbod sett i høve til søkjarar per studieplass.  Dette seier mykje om kva posisjon dette studietilbodet har i Noreg i dag, sa dekan Aud Folkestad ved Avdeling for kulturfag då høgskulen feira at friluftslivbasen på Yksnøya er 40 år.

– Eg er stolt over det arbeidet dei tilsette ved Seksjon for idrett og friluftsliv har lagt ned her på basen på Yksnøya gjennom desse åra. Naturopplevingar og handboren kunnskap om kystkulturen vår er viktigare enn nokon gong. Friluftsliv har også blitt ein viktig komponent i reiselivsnæringa, og Høgskulen i Volda (HVO) vil aktivt samarbeide med næringa om ei sertifisert naturguideutdanning, sa Folkestad.
 

Aud Folkestad er dekan ved Avdeling for kulturfag.

Opplevingar for livet

Undervisinga og aktivitetane på Yksnøya gir studentane viktig kunnskap om den kulturarven som kystkulturen representerer. Studentane får opplæring i bruk av tradisjonelle båtar, segling, navigering, fiske og fangst.  Alt dette var tidlegare barnelærdom for dei som vaks opp i kystnære område. I dag er dette ukjent for mange.

 

Trerøringen Anna for fulle segl.
Trerøringen Anna for fulle segl.

Danske Louise Tackmann er student på naturguideutdanninga. Ho la vekt på verdien av den praktiske erfaringa som studieopphaldet på Yksnøya gir.

Louise Tackmann er student ved naturguideutdanninga.

–  Å lære om kystkultur berre ved å lese bøker blir ikkje det same. Korleis skal ein kunne lære å handtere ein færing med årar og segl utan å prøve det i praksis, sa ho.

Jostein Heidenstrøm, student ved bachelorutdanninga i friluftsliv, er ein habil seglar og bur i eigen seglbåt.

– Det vi lærer om dei gamle tradisjonsbåtane har stor overføringsverdi til dagens moderne båtar. Mange blir inspirerte til å kjøpe eigne båtar etter å ha vore her, sa han.

Tverrfagleg.
Det er ikkje berre studentar ved friluftsliv som nyttar Yksnøya som klasserom.

Tverrfagleg

Det er ikkje berre studentar ved friluftsliv som nyttar basen på Yksnøya. Basen eignar seg ypparleg til undervisning for fag som til dømes naturfag, matkultur og helse, barnehagelærarutdanninga og kunst og handverk.

Starten og eldsjelene

På jubileumsdagen fredag 24. mai vart jubileumsgjestane tekne i mot av høgskulelektor og prosjektleiar Nils Ola Skuset. Han har i mange år hatt ansvaret for basen på Yksnøya: teltplassen og naustet med alt av utstyr – båtar, teiner og fiskereiskapar. Straks gjestane var i land tok han dei med på ei omvising på øya.

Roppen og Skuset
Nils Ola Skuset tok gjestane med på ei omvising på øya. Tonen var lett og munter, noko som rektor Johann Roppen til venstre set pris på.

Høgskulen i Volda har hatt aktivitetar og undervisning for studentar på Yksnøya sidan 1979. I dag disponerer høgskulen ei lun naturleg hamn med flytebrygge for dei mange båtane, eit nytt naust med ulike fasilitetar og leirplass på vestsida av øya. Høgskulen har også saman med grunneigarane ordna med stabil vassforsyning.

Øya byr på perfekte rammer for å lære om den norske kystkulturen og praktisering av kystfriluftsliv. Yksnøya ligg der fleire fjordar møtes - midt mellom storhavet og Stadlandet med sine surfestrender i vest og dei storslegne Sunnmørsalpane lenger inne.

På 1970-talet kom friluftsliv inn som eit satsingsfelt i læreplanane for grunnskulen og den vidaregåande skulen. Arbeidet med å utdanne lærarar i kystfriluftsliv vart eit lokalt utviklingsprosjekt for idrettsfaglege miljøet ved lærarutdanninga i Volda.

Knut Øyvind Yksnøy, ein av dei fagtilsette ved idrett og friluftsliv, hadde familietilknyting og småbruk på Yksnøya. Han sytte for at høgskulen fekk bruke eigedomen sin som leirstad, lagringsplass for utstyr og utgangspunkt for undervisning.

Sentrale aktørar i denne oppstartsfasen og i vidare utvikling av basen fram til i dag er Geir Humberset, Gunnar Repp, Ola Hauge, Asbjørn Flemmen, Arnfinn Haug, Ola Einang, Frode Sætre og Nils Ola Skuset.

Ola Einang.
Høgskulelektor Ola Einang. Fjellklatrar og seglar.
Frode Sætre.
Førstelektor Frode Sætre fortel om dei gamle bruksbåtane på basen.

4000 studentar

I løpet av desse åra har meir enn 800 kroppsøvingsstudentar hatt kurs i kystfriluftsliv på øya. Om lag 500 førskulelærtarstudentar har hatt vekes- og dagsekskursjonar sidan 1983. Over 300 allmennlærarstudentar har hatt liknande opplegg. I tillegg har ei rekkje studentar frå andre fag og utdanningar hatt opphald på øya, i alt over 4000 studentar.

Båtbyggjarane i Bjørkedalen

Bruk av gamle tradisjonsbåtar er eit viktig innslag i undervisinga Yksnøya. Høgskulen i Volda har fått bygt mange båtar i Bjørkedalen i Volda kommune, eit båtbyggjarmiljø som er kjent for sine vakre færingar i ulike storleikar og fleire større vikingskip. I undervisninga nyttar ein desse båtane segling, fiske og til utflukter i fjordlandskapet. På denne måten kjem ein så tett på naturen og den gamle kystkulturen som ein i dag kan kome.

Nordisk samarbeid om tradisjonsbåtar.

Dei vidkjende båtbyggarane Jakob Bjørkedal og Jakob Helset. Dei har laga mange bruksbåtar for Høgskulen i Volda. Foto: Jonas Koezle.

Helsingar

Under bordsete i naustet var det mange som ville helse gratulanten med dagen. Førsteamanuensis Eirik Søvik ved Institutt for realfag orienterte om korleis ein nyttar basen i naturfag. Tidlegare HVO-direktør Jan Driveklepp fortalde på ein humoristisk måte om korleis han jobba inn mot departementet for å få finanisering til utvikling av basen tideleg på 2000-talet. Grunneigar Arnfinn Yksnøy takka for godt samarbeid med høgskulen gjennom mange år. 

Svein Arnesen, representant for Bjørkedal kystlag som eig noverande skyssbåt Nordlys, takka for godt samarbeid og oppfordra alle til melde seg inn i Forbundet KYSTEN.   Foto: Jonas Koezle.
Grunneigar Arnfinn Yksnøy takka Høgskulen i Volda for godt samarbeid.

Ordførar i Volda og tidlegare rektor ved HVO Jørgen Amdam takka pionerane og eldsjelene for innsatsen.

– I alle prosjekt er det ein kritisk fase når entusiastane må gje seg. Det er knytt mange utfordringar til å vidareføre prosjekt til permanent drift, sa Amdam og overrekte basen ein gåvesjekk på kr. 5000.

Samarbeid med 62°NORD

Behovet for fleire kvalifiserte naturguidar i reiselivsnæringa var eit sentralt element i rektor Johann Roppen si helsing.

– I ein samtale med Knut Trygve Flakk, dagleg leiar for turoperatøren 62°NORD i Ålesund, kom det fram at det er eit stort behov for naturguidar som kan ta turistar inn i naturen på ein tygg og god måte. Høgskulen i Volda har fagmiljøet og fasilitetane som skal til for å utdanne desse naturguidane, sa han.

Forsking og utviklingsarbeid

Seksjonsleiar for idrett og friluftsliv, førsteamanuensis Helga Synnevåg Løvoll, orienterte om forskinga innanfor fagområdet friluftsliv. Ho hadde mellom anna forska på sentrale faktorar i den estetiske opplevinga av å vere ute i naturen.

– Å vere ute i naturen gir variasjon, ei undring over alt det vakre og ei kjensle av at alt heng saman med alt, sa ho.

Fint oppslag i Sunnmørsposten (PDF)

Her kan du sjå enda fleire bilder frå markeringa på Yksnøya.

 

Del på