Fann kjemien i Skottland

Tekst: Tor Mikalsen

- Oppdatert

Høgskulen i Volda er kjend for å satse på internasjonalisering. No håpar Seksjon for idrett og friluftsliv og få til ein samarbeidsavtale med University of the Highlands and Islands i Skottland.

Seksjon for idrett og friluftsliv har i dag samarbeids- og utvekslingsavtalar, innanfor friluftsliv, med universitet i Australia, New Zealand og Canada, men sakna ein avtale med ein europeisk institusjon. Tilsette ved seksjonen var difor førre veke i Skottland for å finne ein interessant samarbeidspartnar. Besøket gjekk til West Highland College og Perth Collage, begge under paraplyen University of the Highlands and the Islands (UHI).

– Dette er to ulike høgskular. West Highland College (WHC) er ein gamal og tradisjonsrik skule som fokuserer på friluftsliv og natur og aktivitetsbasert reiseliv. Perth Collage er ein del av eit idrettsinstitutt med fokus på sport, trening, folkehelse, fysisk aktivitet, og nytt av året friluftslivsstudium, fortel førstelektor Frode Sætre som er Internasjonal koordinator ved Avdeling for kulturfag.

 

Fann kjemien i Skottland

Lik tilnærming til Volda

I løpet av to dagar fekk Sætre saman med kollegane Ola Einang og Dag Erik Wold eit godt innblikk i korleis dei to høgskulane i Skottland arbeider med friluftsliv og naturguiding.

– Begge desse utdanningsinstitusjonane har dyktige fagpersonar som både fagleg og filosofisk har ei tilnærming til friluftsliv som er lik vår, seier førstelektor Frode Sætre.

Motiverte til vidare samarbeid

Seksjon for idrett og friluftsliv har tidlegare vore på fleire besøk hos andre utdanningsinstitusjonar, men det er sjeldan ein møter eit så interessant fagmiljø som i Skottland.

– Fagmiljøet var oppriktig interessert i oss som fagpersonar, Volda sitt friluftslivmiljø og innhaldet i vår bachelorgrad. West Highland College har også gode naturgitte forhold for dei fleste typar friluftsliv i sitt nærområde. I tillegg gav besøket oss fagleg påfyll og gode diskusjonar. Vi fekk veldig god kjemi som motiverte til vidare samarbeid, seier Sætre.

I første omgang vil samarbeidet med West Highland College og Perth Collage gå i retning av lærarutveksling, gjesteforelesarar og eventuelt samarbeid om forsking og utvikling. På sikt er målet også studentutveksling. Begge institusjonane er invitert til Internasjonal veke ved Høgskulen i Volda i februar 2018 .

Del på