Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi
Bachelorstudentar i musikk ved Høgskulen i Volda kan i sitt tredje studieår ta emnet "Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi". Emnet er også ope for utanlandsstudentar og yrkesutøvarar som vil ta det som vidareutdanning.
Foto: arkiv. - Emnet "Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi" kan inngå som ein del av fleire utdanningar ved HVO, stadfestar Magnar Åm.
Når semesteret er omme blir det heldt eksamenskonsertar som anten huskonsert eller offentleg konsert. I januar vart kammerverka som studentane hadde skrive framførte i ein huskonsert i slutten av januar.
Orkesterkomposisjonane vil bli spelte i ein offentleg konsert med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda den 18. februar kl. 19:30, under leiing av orkesterets faste dirigent, Øystein Salhus.
- Det er nytt av året at orkesteret tek på seg ei slik oppgåve, konstaterer Magnar Åm, emneansvarleg for "Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi" ved HVO.
Åm legg til at det er enormt viktig for studentane å få høve til å fylgje innøvingsprosessen for å kunne lære av den og å kunne kome med kommentarar til dirigent og musikarar.
- På denne måten kan det klingande verket bli så nær opptil deira eigen visjon som råd, meiner Magnar. Samstundes er det også svært god trening for musikarane og ein smidig måte å kome inn i eit nytt tonespråk på.
Øving på verka går føre seg i dag, torsdag 11. februar frå kl. 19:00 til 21:30 i auditorium AC i Henrik Kaarstad-huset, same stad som konserten skal haldast veka etterpå.
Komponistane vil vere til stades under innøvinga og under konserten, opplyser emneansvarlig Magnar Åm.
Les meir om emnet og emnetabellar her