Ny studiekatalog – fire nye mastergrader
Studieåret 06/07 planlegg Høgskulen i Volda å tilby fire nye mastergrader (med atterhald om godkjenning): Mastergrad i grunnskulens norskfag og Mastergrad i grunnskulens matematikkfag, Mastergrad i helse- og sosialfag og Mastergrad i kulturmøte.
Mastergrada i helse- og sosialfag siktar mot å styrkje helse- og sosialarbeidarane sin kompetanse i relasjonsarbeid retta mot einskildpersonar, familiar og grupper. Utdanninga byggjer på minimum 3-årig grunnutdanning i sosialfagleg eller helsefagleg arbeid eller annan relevant utdanningsløp på minimum 3 års omfang.
Mastergrad i kulturmøte byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande, med fordjupning innan historie eller religion. Ei av studieretningane i den mastergraden er om konfliktene i Midt-Austen.
Mastergrad i grunnskulens norskfag og mastergrad i grunnskulens matematikkfag vert tilbodne i samarbeid med Høgskolen i Sør-Trøndelag. Dei 2-årige mastergradsstudia byggjer på dei tre første åra i allmennlærarutdanninga.
Distribusjon av studieinformasjon
Høgskulen i Volda sin nye studiekatalog vert distribuert til avgangselevar i vidaregåande skular, folkehøgskular, på høgre utdanningsinstitusjonar, aetat, det militære og på utdanningsmesser og yrkesorienteringar over store delar av landet.
Gå direkte til Studiekatalogen 2006 / 2007