På topp nasjonalt
Høgskulen i Volda oppnådde høgast svarprosent av alle statlege høgskular og universitet i landet på Studiebarometeret 2017. – Viktig for kvalitetsarbeidet med utdanningane våre, meiner prorektor Jens Standal Groven.
Høgskulen i Volda oppnådde høgast svarprosent av alle statlege høgskular og universitet i landet på Studiebarometeret 2017. – Viktig for kvalitetsarbeidet med utdanningane våre, meiner prorektor Jens Standal Groven.
Svarfristen for Studiebarometeret, den årlege nasjonale studentundersøkinga som gjeld for studentar som går andre året på ein bachelor og andre års masterstudentar, gikk ut torsdag 16. november. Tala på svar er no klare og dei viser at ved Høgskulen i Volda svara 72 prosent av studentane. Ingen andre statlege høgskular eller universitet oppnådde eit så høgt tal.
– Vi set stor pris på engasjementet frå studentane. Dei har tatt seg tid til å svare på undersøkinga og mange har vore aktive for å få opp svarprosenten. Undervisarane, emneansvarlege og studieleiarar har også mykje av æra for at vi fikk til eit så godt resultat, seier prorektor Jens Standal Groven.
Saman med rådgivar i studieadministrasjonen, Margrethe Munthe Vassbotn, har han stått i spissen for arbeidet med å drive opp svarprosenten på Studiebarometeret 2017 ved Høgskulen i Volda.
– Heile prosessen har vore lærerik for oss. Vi har vore rundt på campus og snakka med mange studentar om korleis dei opplever Studiebarometeret og studiekvardagen i Volda.
Studiebarometeret skal gi enkel informasjon om opplevd studiekvalitet på studieprogram som blir tilbydd av utdanningsinstitusjonane i landet. Resultata frå undersøkinga kjem i februar 2018.
– Dette er viktig for kvalitetsarbeidet med utdanningane våre. Alle avdelingane våre bruker tala i studiekvalitetsrapportane sine. Med så høg svarprosent vil også undersøkinga gi oss eit betre talmateriale som vi kan arbeide med, seier Standal Groven.