– Redaksjonen skal legge ut saker og bruke bloggen aktivt
Dette lovar praksisblogg-grunnleggar og kommunikasjonsstudent Amanda Isaksen. Førsteårsstudentane på PR, kommunikasjon og media er no i gang med internpraksis. Som ein del av den har dei oppretta ein blogg der lesarane kan følgje med på kva som skjer.
– Her vil vi skrive om sakene og om kva som skjer i kulissane under internpraksisen, seier Isaksen. Redaksjonen vil prøve å få ut innlegg og nytte bloggen aktivt undervegs, legg ho til.
Isaksen har vidare planar for utforminga av praksisbloggen og oppfordrar nysgjerrige sjeler til å følgje med.
Vil du vitje bloggen? Føl denne lenkja.