Forskarnettverket SPRID ÖSTERUT sitt første seminar i Vilnius

Tekst: Webmaster Volda

NORPLUS_520

Møtelyden framfor fjernsynstårnet i Vilnius, der KGB gjekk til åtak mot dei demonstrantane som prøvde å forsvare tårnet den 13 januar 1991 og tretten menneske vart drepne.

Nettverket består av Høgskulen i Volda, Fróðskaparsetur Føroya og Vasa universitet.

- SPRID eksisterer for å reflektere over samanhengane mellom språk og identitet ut frå tre kontekstar der språkbruk medfører ein særskilt sterk grad av medvit om språket, seier nettverkskoordinator og initiativtakar professor Stephen J. Walton ved Aasen-instituttet.

Nettverket opnar for seminar, lærarutveksling og studentmobilitet.
SPRID ÖSTERUT vart oppretta samtidig med SPRID.  I tillegg til dei tre nordiske institusjonane er også Universitetet i Tartu (Estland), Universitetet i Riga og Latvias kulturakademi, og Universitetet i Vilnius med. 

Språk er eit svært aktuelt tema i dei tre postsovjetiske landa i Baltikum.  Det finst både gamle og nye språklege minoritetar i alle desse landa, og det er interessant for alle partar å forstå korleis dei baltiske og nordiske språksamfunna både forvaltar den rikdomen som ligg i dette, og løyser dei konfliktane som oppstår.

Seminaret i Vilnius tok for seg emne som den språklege identiteten til færingane og til polskspråklege skuleelevar i Litauen, engelske importord i litauisk, arbeidet med å verne om den estlandssvenske kulturarven, dialektane si rolle som identitetsberar i Svenskfinland, grunnleggjande kulturpolitisk omgrep i Aust- og Sentraleuropa, og framveksten av ei skriftnorm for enetsane i Nord-Sibir. 

Frå Noreg snakka Toril Torjesen om nynorskopplæringa ved Holmlia skule i Oslo i eit identitetsperspektiv, og Knut Åge Teigen tok for seg bærumsprosjektet Nynorsk i bokmålsland. 

Kjartan Fløgstad avrunda med nokre refleksjonar omkring Brennbart-kontroversen i vinter, og vitskapskivinna og folkemusikaren Marija Krupovec avslutta med folkesong på nokre av minoritetsspråka i Litauen, m.a. jiddisch, kviterussisk, polsk, og det spansk-jødiske språket frå Balkan, ladino.

Seminaret var det første i ei rekkje på det som vonlegvis vil bli tre, dersom nettverket får fleire løyvingar.  Alle medlemene i nettverket ventar spent på utfallet av den siste søknaden til Nordplus-sekretariatet.

Etter planen skal neste seminar haldast i Vasa i månadsskiftet mai-juni 2006.  Der skal ein knyte opp temaet Språk og identitet til den språkbadspedagogikken som Nordiska institutionen har innført i Norden.

- Dette bør vere eit tema som interesserer det nye Nynorsksenteret i Volda, seier Walton, og håper at Senteret etter kvart vil kome med i nettverket.

Del på