Korleis kan me gje elevane nynorsk tekstkompetanse?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Der vil Anne Marie Holstad frå Volda ungdomsskule presentere prosjektet «Sjølvsagt les og skriv vi nynorsk!», som skulen driv med stønad frå Nynorsksenteret. I tillegg vil Endre Brunstad frå Nynorsksenteret og UiB innleie om korleis lærarar kan rettleie elevane i å skrive nynorsk, og Kristin Kibsgaard Sjøhelle frå Nynorsksenteret vil ta føre seg pedagogisk bruk av IKT i nynorskundervisninga. Dei tre føredraga er opne for alle som er interesserte.

Føredraga vert òg ein del av tilbodet for kring 35 tilreisande lærarar frå skular som driv prosjekt i samarbeid med Nynorsksenteret. Desse lærarane kjem frå skular i alle delar av landet, og representerer heile spennet frå barneskule til vidaregåande skule. Dei kjem, i tillegg til å vere til stades på føredraga som høyrer inn under Forskingsdagane, til å få vere med på eit eige seminarprogram. Der får lærarane lære om og utveksle røynsler kring utviklingsarbeid i skulen, vurdering av tekstar og utvikling av tekstkompetanse.

For meir informasjon, kontakt Ingrid Slettevoll på Nynorsksenteret på telefon 70 07 53 83, eller sjå på sidene om seminaret.

Les meir på www.hivolda.no/forskingsdagane

Del på